Reportasje

Snøskredet, skjebnen og skyssbåten

Høyr historia her ved å trykk på playknappen i bildet.

Video og interaktiv grafikk lenger ned.

Ingvild Mork er i Skjåkstaddalen. Ho kjørar frå Bjørke, innerst inne i ei arm av den vidgjetne Hjørundfjorden. Der har ho budd i tre år. Ho er sjølvstendig næringsdrivande, grafisk designer, og rår over kvardagen sin. No skal ho på møte i Ulsteinvik. Ho styrar ikkje over denne dagen, skal det vise seg.

Eg tenkjer fatalistisk, at det ein ikkje rår over får ein ta med godt mot. – Ingvild Mork

Det sluttar liksom aldri å snø. I fjella aust for dalen, er snødekket fire meter tjukt. Snøskredfaren er umåteleg stor. I Bueide er brøytekantane høgare enn på lenge. Plutseleg ser Ingvild masse snø komme rasande over vegen. Ho rekk ikkje å stoppe og køyrar beint inn i snøfonna.

Nærnett: Snøras i Ørsta: – Det er veldig skremmende

Dagens lokalkjendis

Den betongaktige skredsnøen grip om ho. Ho sit fast. Sjølvsagt måtte det skje akkurat her, kor ein berre har to dekningsstrekar på mobilen, tenkjer Ingvild. Ho får heldigvis ringt etter brøytebil. Raskt kjem det folk til og grev fram bilen. Ein mann med traktor får laus bilen hennar.
Ingvild har allereie no fått hovudrolla i dagens store nyhende. Redningsmannskap, lavinehundar, politi, brannvesen og ambulanse er i farta. Politiet twitrar om skredet, og media kastar seg over nyhenda. Ho blir først intervjua av NRK og er lokalkjendis. Ho skjøner ikkje korleis dei har klart å få nyss i dette så fort.

– Eg blir litt uroa for heimturen i dag. Eg skal returnere og har hundar som eg må heim til, seier ho til NRK.

Vegen vidare, gjennom Skjåkstaddalen stengast, men Ingvild får sleppe gjennom.

Det kunne ha gått verre. Skitnefonna kaller lokalbefolkninga den, den store trugande fonna, som kjem kvart år. Det var ikkje den som råka i dag.

Båt for bil

For å kome heim til hundane, må Ingvild gjere som Bjørke-folket har gjort så mang ein gong før: følgje sjøvegen.
Skyssbåten går frå Sæbø klokka 17.

– Det har pleidd å skje ein gong kvar vinter, at snøskred går over vegen. Det vi ikkje rår over tek vi med godt mot, seier Mork i ein munter tone.

Sæbø er eit ynda turistmål om sommaren, ved den vidgjetne Hjørundfjorden, som mange meiner er den blant dei aller venaste i verda. Turisthotella og -butikkane med namna sine dekorativt skrive i 3D-skrift på veggane, slepp ikkje unna gråvêr og slaps. Det bles og piskar, surklar og dryp her, som elles på Sunnmøre for tida. Skyssbåten, som ser ut som ein dvergbåt i forhald til ferja, ligg til kai. Kring skroget flyt isflak. Kaptein Oddvar Olsen er på plass.

– Båten går uansett, sommar som vinter. Bli med og køyr til festival til sommaren, oppfordrar kapteinen.

Vi oppdagar ei ferje på radaren, i køyrelinja vår. Det er ikkje lett å få auge på ferja i snøkavet. Vi slakkar av farta, og ser ikkje den andre båten som er mykje større og sterkare enn oss før vi er tett oppi, og den tøffar forbi.
Før vi når Bjørke stoppar vi på Leira, som har hus like fargerike som i Kardemommeby, men er enda mindre. Nokon av dei som går av har med seg matvarer på lasset.
Til sist legg vi trygt til kai på Bjørke.

– No skal eg heim og fyre i peisen, ha noko godt i glaset, kose med hundane og sjå TV-serie utover kvelden seier, Ingvild.

Ingvild Mork har meir kontroll på kva kvelden skal by på, enn kva dagen ga.

Fredag 26. februar 2016 er vegen mellam Bueide og Skjåkstaddalen framleis stengt og Bjørke ligg isolert. Så lenge vegen er stengt vil båten halde fram med å frakte folk trygt over Hjørundfjorden.

Før musepekaren til dei gule punkta for å sjå billete frå ferda.

read more: