Featurereportasje·Nettserie·Trening

– Foten berre hang der og dingla

Foto: Siri Husby Fiskum

Ulsteinviking- i med og motgang

Eirik Ulland Andersen kom til Hødd frå SK Vard Haugesund hausten 2013, og har sidan den gong vore ein sentral nøkkelspelar på laget.  Fjorårets sesong fekk derimot ein brå slutt då han brakk foten under ein kamp mot Nest-Sotra i august i fjor.

Eg husker at eg er på veg mot corner-flagget. Situasjonen er eigentleg heilt ufarleg, og så kjem det ei takling inn frå sida som overraskar meg, fortel Andersen. 

I neste augneblink ligg han på bakken og kjenner smertene. Han trur først det er eit overtrakk, men ser raskt at skaden er mykje verre enn det.

Det var sjølvsagt smertefullt, men eg har slitt leddband før og det var same type smerte, seier Andersen.

– Eg lyfta opp foten og merka at den berre hang der og dingla, så eg vart litt redd når eg såg at foten min var som den var, held han fram.

Sjå andre episode av nettserien Ulsteinviking- i med og motgang.

Ei tung tid

Eirik Ulland Andersen sit i sofaen i leiligheita si i Ulsteinvik og fortel kva som skjedde under kampen i fjor. Vegen tilbake har vore lang. Etter skaden i august følgde fleire operasjonar og påfølgjande infeksjonar. I tillegg måtte han tilbringe ein månad på sjukehuset i isolasjon.

Eg trur dei fleste tek det ganske tungt å vere skada så lenge, og det gjorde eg og. Det er klart at komplikasjonane gjorde situasjonen mykje tyngre, fortel han.

Då var støtteapparatet gode og ha.

Det at eg hadde familien og sambuaren min rundt meg var svært viktig. Dei gjorde alt mykje lettare, og eg visste at eg ikkje var aleine, fortel Andersen. 

Sambuaren Elisabeth Økland har vore ein sentral støttespelar under rehabiliteringa til fotballspelaren.

Elisabeth har vore heilt fantastisk gjennom heile prosessen. Ho har støtta, oppmuntra og hjelpt meg mykje, seier Ulland.

Ho har nok måtte hørt mykje sutring og tålt at eg har vore i dårleg humør, fortel han vidare og ler lattermildt.

Viktig støtte

Andersen er også takksam for den støtta han har fått frå klubben og dei andre spelarane. Til trass for at han har vore ute med skade i ei lengre periode, har han framleis følt seg som ein del av laget.

Dei har vore flinke til å inkludere meg og spørje meg korleis det går. Dei har vore der for meg både om eg ville trene eller prate, seier han.

Likevel innrømmer Andersen, som har spelt fotball sidan han var fire år gamal, at det har vore tøft å stå på sidelinja å sjå medspelarane trene og førebu seg til kamp.

Når jobben din er å spele fotball så er det alt du har lyst til, men ein skade hindrar deg i å gjere det, seier han.

Siri Husby Fiskum

Eirik Ulland Andersen er tilbake på fotballbana etter at han brakk foten under ein kamp mot Nest-Sotra i fjor haust.

Var innstillt på å jobbe hardt

Dei siste seks månadane har Andersen jobba hardt for å kome seg tilbake på treningsbanen. 

Eg fekk ein litt merkeleg kjensle på den fyrste treninga. Samtidig var det deilig å kunne vere med på alt utan å ha problem, seier Andersen.

Det var eigentleg ein ubeskriveleg kjensle, fortel han vidare.

Laurdag 28. februar kunne Andersen endeleg ta det store steget tilbake på bana då han spelte sin fyrste skikkelege kamp sidan skaden i fjor. I treningskampen mot Træff fekk han sitt etterlengta comeback. 

Eg var litt nervøs før kampen, men det var gøy å få vere med i ein kamp igjen og få kjenne litt på det, seier han.

Andersen har tidligare vore kjent for å ha eit av Noregs beste frispark. Fotballspelaren sjølv var usikker på om skotfoten ville vere like bra etter skaden som den var før.

Eg var litt redd for å miste det, men eg har fått trent ein del i det siste og det føles bra. Eg trur folk kan gle seg til gode frispark denne sesongen, seier han og ler.

Eirik Ulland Andersen har spelt i Hødd sidan 2013.

Eirik Ulland Andersen har spelt i Hødd sidan 2013.

Sterkare

Til trass for ei krevjande periode prega av skade, komplikasjonar og opptrening føler Andersen at han har lært mykje dei siste månadane.

Eg syns eigentleg det har vore gøy å presse meg sjølv for å sjå kor mykje eg tåler, seier han.

Andersen meiner han har kome styrka ut av erfaringa.

– Eg har lært mykje om å takle motgang og vite at alt går over til slutt. Det har nok styrka meg, og eg trur det gjer meg betre førebudd dersom noko liknande skulle skje igjen, seier han.

Ser framover

Andersen håpar han kan halde seg skadefri og satse vidare for å oppnå draumane sine. Målet er å få mest mogleg ut av karrieren, og spele på høgst mogleg nivå.

Eg kunne gjerne tenkt meg å spele i Danmark, og det største målet hadde nok vore å spele i Champions League, seier han.

I fyrste omgang har han derimot nokre meir kortsiktige mål.

Eg vil gjerne spele i Tippeligaen, og det hadde vore fantastisk om eg kunne gjort det saman med Hødd, seier Andersen og smiler.

Eg trur det er mulig å nå langt. Det er dette eg jobbar for kvar dag, og eg hadde ikkje sagt det om eg ikkje trudde det var mogleg, held han fram.

I tillegg til å vere a-lagsspelar jobbar Eirik Ulland Andersen også for fotballfritidsordninga til Hødd.

read more: