Featurereportasje

Gitarklimprar Stig Ulv

Døra står opa på det mørkegrå huset. Regnet trommar i takt med knitringa i grusen. Inne går Stig Ulvestad (35) og pratar i telefon.

– Beklagar. Hei. Normalt er det ikkje sånn. Men no er det hektiske dagar med plateslepp og konsertar. Ein telefon til. Eg må berre ta den fyrst. Ok?

Han helsar med eit stort smil og eit fast handtrykk. Den kritkvite gangen vert lunare. Han viser veg til arbeidsrommet sitt, og går småstressa rundt nokre runde i rommet før han set seg ned på ein kontorstol. Han sit litt fram på stolen med ei opa haldning.

Enlarge

DSC_0172.NEF_
Stig Ulv med si nye plate Dur. - Eg er heldig som får oppleve at musikken eg skapar, vert varmt motteke av folk. På konsertar varslar eg tidleg at eg spelar ekstranummer, og det er med å byggje opp forventninga til publikum.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Det nye liv med Vogga

Stig har nettopp sleppt to nye plater. «Dur» er fylt med ti heilt nye songar, og er det tredje studioalbumet. I den er berre Stig sjølv, ein del av sjela, formidla gjennom sju av gitarane sine. Musikken er utan vokal, og for nokre er det rart. Han fortel at han får kommentarar om at han må synge. Men det passar ikkje han.

– Andre har instrument i tillegg til stemma si. Eg er berre ein rar mann på scena som spelar gitar, seier han i ein alvorleg tone.

Den siste songen på «Dur» er spesiell for Stig. Songen heiter «Vogga» og er skriven til sonen medan kona, Kine, var gravid. I svangerskapet hadde paret ei lang liste med ting som dei måtte handle før sonen vart fødd. Det fyrste ekteparet kjøpte var vogga.

– Vogga stod plassert ved sidan av arbeidsrommet mitt. Kvar gong eg gjekk for å spele, så gjekk eg forbi den. Eg såg vogga. Slik kom inspirasjonen om eit nytt tema, og temaet var gut. Fyrste halvdel av songen laga eg ein kveld, og kvelden etter kom siste halvdel til meg. Songen var komplett.

På spelelista til Stig er «Vogga» til slutt av dei nye songane. Det symbolisera nytt liv, både på konsertane og i privatlivet til musikaren.

– Fyrste gong eg spelte «Vogga» til guten min så skreik han. No tykkjer han det er heilt ok når eg spelar songen til han, smiler Stig.

«Strengeklimpring» er den andre plata som er sleppt no, og Stig si fjerde plate. Det er ei live-plate, som er spelt inn delvis i Sankt Jetmund kyrkje på Åheim og på Giske. Den høyrast omtrent heilt lik ut slik som han spelar på konsert.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Sjølvlært klimprar

Det er ikkje vanleg at Stig skapar ein song i løpet av to dagar. Han øver aldri. Stig likar å berre sitje og spele, og som ut av det blå kjem tonane til han. Ein song vert til. Han tykkjer det er viktig å knytte tonane opp mot naturen. Musikken skapar visuelle bilete som alle kan sjå på kvar sin unike måte.

– Eg kjennar meg sjølv som ein jordnær og heimekjær person. Eg vil berre lage musikk og spele gitar til dei som er interessert i å høyre på. Det er draumen, å få vere ein klimprar.

Stig lenar seg bak på kontorstolen, med hendene bak nakken. Han slappar av. Bak han står eit bilete av ein grusveg som førar til det opne hav, med ein fri himmel over og høge fjell rundt. Likt landskapet som er på Sunnmøre.

– Inspirasjonen min er alt eg opplev i livet. Det er ein prosess av kjensler.

Å skrive ord fenger ikkje han. Ikkje kan han å skrive notar heller. Då er det vanskeleg å lære andre songane sine. Han forklarar at det er meir som eit ork å lære vekk ein kunst og kunnskap han berre har i hovudet. Kunsten er sjølvlært. Songane sine hugsar han ved å sjå for seg gitarhalsen og kvar han har hendene plassert på den. Han elskar tonane frå gitaren sin, og har funne ut at musikarlivet passar han best åleine.

– Tidlegare reiste eg med eit større format enn eg hadde inntekt til. Då hadde eg tenkt å gje opp musikkarrieren, for draumen om å spele i band vart ikkje verkeleg. Kine føreslo at eg kunne starte opp åleine i staden. Og slik vart det. Songen «Alt» er til ho.

Stig veit, og har lært, at ingenting kjem av seg sjølv i livet. Han må fortsette å byggje stein for stein, framover og oppover. Ein gong gav ein mann han 100 kroner, og sa at Stig måtte lære seg å spele gitar.

– Alle må igjennom det same. Me må oppleve den vanskelege starten og få menneske på konsertane. Det er viktig å gjere ein god jobb uansett kor mange eller få som er publikum.

Enlarge

DSC_0196
Stig Ulv sitt arbeidsrom vert brukt som kontor, til øving og lagringsplass. Til venstre står kassene med dei nye platene Dur og Strengeklimpring. Bak han står eit stativ med ulike gitarar, som har sine særeigne tonar.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

I kjølvatnet av sorga

Stig køyrer 5-6000 kilometer i året heilt åleine, mellom dei 40 konsertane. Det er til tider einsamt. Men det har hendt at han har skapt musikk undervegs, utan gitaren. Han har visualisert det. Høyrd tonane. Sett korleis fingrane dansar på gitarhalsen, medan den andre handa skapar ulike vibrasjonar i strengane.

– I løpet av to månadar kan eg spele 20 konsertar. Då må eg heile tida levere. Eg pratar mellom låtane, og utleverer meg sjølv i høg grad. Eg må setje ord på tonane, slik at folk får kjensler til det songane haldlar om. Eg er den einaste i Noreg som gjer det.

For Stig er det ein bevisst strategi å ha humor i det han seier på scena. For det er blodig alvor, på ein måte. Det har ein substans.

– Ein nær ven av meg tok sjølvmord i 2010. Me fekk vete at han var forsvunnen, og når eg fekk telefonen om at han var omkomen så reiste eg direkte heim. Heime skreiv eg ei låt til han, «Til Minne». Det var berre for meg sjølv. Songen skulle lindre sorgprosessen, og han skulle leve vidare gjennom musikken. Men det vart kjent, og eg spelte låta i gravferda. Folk vart gripne med. Songen enda i ei plate.

«Til Minne» er den einaste songen som Stig har laga med to ord i tittelen, det er symbolsk for han.

Det skulle berre vere med denne eine plata, men han syns det var så kjekt at han fortsette. Det som skulle vere terapi, eit utløp for kjensler og ei glede i skjul, fekk verte til magi for andre. Slik starta karrieren til Stig.

– Min gode ven som omkom sa at eg måtte starte for meg sjølv. Drive musikken åleine. Det sa han berre ei veke før han døydde. Det er litt paradoksalt.

Til no har Stig avslutta alle konsertane med «Til Minne», for å ære sin ven. Kanskje vil han gjere det seinare igjen, men no er tida parat til å hylle det nye liv som pappa.

Familiemann og musikar

Det som driv Stig framover er alle dei flotte tilbakemeldingane. Han seier at det er utruleg kjekt at musikken han skapar betyr noko for andre. Han kan ikkje tenke tal på kroner som er fordelt på timar, når han driv med musikk. For det krev mykje tid.

I perioder er han vekk frå familien fleire dagar, eller bolkar som han kallar det, men når han er heime er det kvalitetstid med dei beste han veit. Han skryt av kona og seier at ho er heilt fantastisk som støttar han i all galskapen.

– Familien er fyrst. Men tenk at eg får skape min eigen musikk. Å få gje ein del av meg sjølv, som gler andre menneske. Eg har verdas beste jobb, ler Stig.

No er det hektisk for Stig då han jobbar 100 prosent hjå Helfo, driv med musikken og har familielivet. Han fortel at det kan verte aktuelt med eit reisefylgje i framtida. Ein teknikar, som også kan køyre bilen. Livet på landevegen er slitsamt i periode, då han køyrer til konsertlokalet, presterar på scena og køyrer retur heim åleine.

– Eg søv ikkje lenger, etter at eg vart far. Det er ikkje tid til det. Men gud betre, det er det beste som har skjedd i livet mitt. For ei glede.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Musikken sine søner av Ørsta

Den siste plata spelte Stig inn på to dagar, hjå Ocean Sound Recordings som ligg på Giske. Det har alltid vore ein draum for han å spele inn album der. Innspelinga på Giske fekk han som betaling for ein Amfi-turné han deltok på. Det passa han midt i blinken.

– Eg er litt utolmodig og likar meg best heime. Innspeling av album må skje raskt og effektivt. Då vert det ekte. På plata er det ingen juks, det er slik eg spelar i verkelegheita.

Plata er skapt 100 prosent av ørstingar, og det tykkjer Stig er utruleg svært. Henning Svoren er lydteknikar på Ocean. Henning har miksa plata, og produsert den saman med Stig. Egil Olsen, songwriter, har laga coveret. Alle tre er frå Ørsta kommune.

– Det er utruleg at eg berre har samarbeidt med Henning og Egil, for å spele inn Dur. Eg kjenner dei begge frå før av, og eg spelte faktisk gitar på Egil si siste plate.

Det fine med å spele inn plate på Giske er atmosfæren, tykkjer Stig. Der er utsikt over havet, så langt auget rekk. I tillegg har dei fyrsteklasses utstyr og bra rom.

– Eg skal nytte Ocean på neste plate også, grunna den høge kvaliteten.

Enlarge

DSC_0186
Stig Ulv sin musikk er som skapt for vinylplater. Albumet Dur er også tilgjengeleg på CD. - Vinylplater gjev varme til musikken og den beste lyden, seier Stig.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Kreativ av eige selskap

Stig fortel at han har sitt eige plateselskap, Stig Ulv Records. For det må ein ha, skal ein gje ut plater, ifølgje han. Han gjer alt sjølv i arbeidet med eigen musikk.

– Eg har gjeve ut ei plate i året etter at eg starta mitt eige selskap i januar 2012. Etter at eg starta mitt eige selskap har eg vorte utruleg kreativ, og har enno mange songar som ikkje er publisert.

I 2012 trudde ikkje Stig at han skulle gje ut fleire plater. Han føler seg privilegert.

– Tenk at eg får lov til å oppleve det. Musikken er ein del av meg. Det er det næraste av meg, ein usensurert versjon. Andre kan bytte ut hatten dei har på seg, men det vil ikkje eg.

Dei blå auga er heilt opne. Han seier at det beste er kva det betyr for andre. Det han får tilbake av kompliment som gjev emosjonell verdi. Barneavdelinga på Åse Sjukehus fekk albumet «Strengetonar», og han fortel at det har dei snart slitt ut. At musikken er så populær varmar han.

– Albuma eg har gjeve ut før er spelt inn på Audiofarm, hjå Svein Erik Åmås.

Enlarge

DSC_0199.NEF_
Stig Ulv spør tidleg under konsertane sine, om publikum vil ha plata si signert med gull, sølv, svart eller kvit tusj. – Alle som kjøper plate på konsert vil ha dei signert, smiler Stig.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Spelar ikkje på pub

Fyrste kveld i turneen, 1. oktober, var publikummet mellom 5 og 80 år. Stig spelte på Sekken, på ungdomshuset si scene. Han må ha ei scene, for han lev i konsertbransjen.

– Eg spelar ikkje på pub, i notida. Der vert spela ein anna type musikk enn det eg vil assosierast med. Det er to forskjellige verdenar, og ein skal passe inn i konseptet. Eg må vere tru mot draumen min. Eg skal fortsette å spele gitaren min på passande scener rundt om i Noreg.

For han er det fantastisk å kunne fenge alle aldrar. Og det gjer han. Stig hadde konsert, plateslepp- og signering på Ørsta Torg, 3. oktober. Der sat små og store musestille. Dei lytta til melodiane frå gitaren og smilte. Ei jente kviskra til mor si, slik at mora smilte varmt. Nokre fekk tårevåte auge av minner som kom med musikken. Tonane nådde inn hjå publikum.

– Eg er så nøgd med den fyste konserthelga i turnen. Nokon sa at der var mellom 70 og 80 personar på Ørsta Torg, og det hadde eg aldri forventa. I Ulsteinvik var stemninga fantastisk, og det vart spelt mange ekstranummer, seier Stig.

Ambisjon om å verte internasjonal har han ikkje no. Stig vil til Nord-Noreg etter jul. Der har han ynskje om å spele 4-5 konsertar på rad, før han vender heim til ei spelepause og tid med familien.

– Framover vil eg spele mest mogleg musikk. Eg vil til ulike festivalar og spele der. Det er stort å spele på nye scener, og møte menneske og å vere anerkjent i musikkmiljøet. Det set eg pris på.

Stig har nye mål både når det gjeld spelinga og forretninga. Ein draum er å gjere ei plate med strykarar, altså ein strykekvartett. Då må han treffe dei rette folka fyrst.

Enlarge

DSC_0164
Stig Ulv under konserten på Ørsta Torg, laurdag 3. oktober. Sjølv på ein liten arena som eit kjøpesenter, samla folk seg for å nyte dei magiske tonane som Stig skapar. Her var folk i alle alderar, og alle lytta på sin måte.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Konsertlivet

Stig likar at musikken og dei 40 konsertane er spreidd utover heile året. Det å bu i Ørsta, eller rettare sagt Hovdebygda, er heilt topp for han. Der bur han midt i smørauget, kjempesentralt. Det er gunstig når han skal køyre både nord, aust, sør og vest for å spele konsertar.

– Tida får vise om eg roa ned og spelar færre konsertar. Viss det stoppar fullstendig opp får eg lage dance- og tranceversjonar av musikken min, seier Stig med eit glimt i auget.

Det kjem nok fleire plater. Han har mange låtar som er ferdige, men som enno ikkje er komne ut til lyttarane. Stig fortel at kreativiteten ikkje fungerer om natta, for han er eit A-menneske. På Festspela spelte han kl.23.30, og då var han trøtt.

– Eg spelar konsertane mine tidlegare på kveld. Dette er ikkje AC/DC på Valle Hovin akkurat. Folk får noko anna ut av musikken min og eg trur at eg har nådd publikumet mitt med det.

På facebook rosar publikum Stig sine konsertar. Noko som går igjen er at han skapar ro og magi. Han fortel sjølv at han får både brev og meldingar frå folk som er nøgde, rørte til sjela og er takksame. Det er det beste med å halde på med musikken, syns han.

– Eg er ein klimprar, og må finne knaggar for å skilje meg ut i musikkbransjen. Eg må overleve.

read more: