Featurereportasje

Historia om familien Bergmann og Ørsta Trykkeri

Ekteparet Stig og Hanna Bergmann har drive Bergmann Ørsta Trykkeri sidan 1975 – 76.  Dei fyrste åra vart trykkeriet drive på to stadar, men etter at dei fekk byggje ut i Vikegeila tidleg på 80-talet vart heile bedrifta flytta dit. Det vart enklare høve med ei samla verksemd. I løpet av åra har dei hatt ein stor og variert trykkeriproduksjon, med fleire tilsette og lærlingar.

Eit komplett levebrød

Stig er meister i boktrykkjarfaget, og har stått for alt som har med produksjonen å gjere. Hanna har hatt ansvar for det som skjer før trykk, altså typografarbeidet. Typografen har jobba med å brekke, som er å setje saman tekst og bilete, og å lese korrektur på bøker til dømes. Eit av dei siste oppdraga Ørsta Trykkeri har hatt, er den nye Hødd-boka. Hanna les ikkje i gjennom det trykte resultat i tilfelle ho ser eigne småfeil. Det gjor ho ein gang og har vanskar med å gløyme det.

Enlarge

DSC08063red2
Hanna fortel om Hødd-boka som ho har jobba med med. Til trykking av bilete må dei bruke fire forskjellige plater til ulike fargar, og med det kan dei danne alle fargar. Resultatet vert eit meir levande bilete gjennom offset-trykk enn ved digital framstilling.

Foto: Marit Langseth

Det kan seiast at dei er perfeksjonistar i kvart sitt felt og har utført forskjellige oppgåver, som saman dannar ein heilskap og eit komplett sluttresultat. Ekteparet Bergmann har ofte jobba lange netter i hektiske periodar. I rolegare tider har dei ofte reist på turar.

– Dette har vore jobben og levevegen våra. Me har jobba 100 prosent pluss, heile tida. Det er ikkje ein åtte til fire jobb, men me må levere det kundane har behov for. Ein deadline er deadline, seier ekteparet.

Bygdetrykkeriet med stor B

– I eit bygdetrykkeri må me kunne produsere alt. Kva som skal  trykkjast variera, det kjem an på kva næringslivet ynskjer. Til den jobben må me ha utstyret som krevjast, fortel Stig.

I det nostalgiske trykkeriet til ekteparet står ein gamal Original Heidelberg boktrykkemaskin, som var kjøpt i mellom 1965 og 1969. Den var laga ved den tyske fabrikken med same namn, som er den fremste i verda innan produksjon av trykkmaskiner. Stig leitar fram ferdige headingar, eit samansett stykke bly med oppheva skrift. Der står informasjon om kunden, til fraktbrev og det som elles skal trykkast. Boktrykkaren legg ramma med heading på plass i maskina. Varsamt gjer han seg klar til dagens produksjon. Vartdal Plast skal få levert rykande ferske bestillings-/fraktbrev.

Enlarge

DSC08029red
Stig starta i boktrykkelære for å kunne ta over drifta etter faren, Harald. Levevegen visste han tidleg i livet. Bergmann fylgjer nøye med slik at heile produksjonen får eit godt sluttresultat, trykket i pressa må vere rett.

Foto: Marit Langseth

Fortsatt står alle settekassene her. Kassene er fulle blysats, med bokstavar og tal som i gamle dage. Dei måtte sette ein og ein bokstav etter kvarandre for å forme orda. Hendene luktar bly og er grå etter å ha sette bokstavar på rekkje, som dannar ord i vinkelhaken. Det var litt av ein handverkarjobb å trykkje bøker og avis. Stig fortel at med rett system i bokstav- og talhavet gjekk jobben relativt raskt, metoden var innarbeidd og gjekk automatisk.

– Det hendte at typografane var uheldige å velta ferdige oppsette rader med blysats. Bokstavane låg strødd utover arbeidsbenken og då måtte dei starte på nytt. Det heitte å falle i fisk. Uttrykket er altså eit typografuttrykk.

– I dag må me taste ein og ein bokstav på tastaturet. Då måtte dei sette ein og ein bokstav i vinkelhaken for hand. Det er det same, smiler Hanna.

Enlarge

DSC08026red

Marit Langseth

Ei tid var og ei anna vert til

Rundt om i lokalet ser me forskjellige maskiner til trykkarbeid. Fargar og løysemiddel står på rekkje og rad i hyller på veggen over vasken. Med flytande farge, plater og ei offsetmaskin med valsar, kan dei trykke Vartdal Plast sin logo på konvoluttar. Hanna seier at det ikkje er bra at Stig vaskar med løysemiddel. Lukta av bensin prikkar i nasa.

– Før viste me ikkje kva skade løysemiddel kunne gjere. Lynol vart mykje brukt og folk fekk løysemiddelskader. Dette er forbode å bruke i dag.

– Eg hugsar då eg var i Oslo på eit fabrikkbesøk. Der hadde dei avsug frå vasken så dei ikkje skulle døy av løysemidla. På utsida under vifta, stod eit tred. Det treet mista alle blada sine. Det var gale, ler Stig.

Enlarge

DSC08023red
Bergmannslekta si historie i Ørsta er over 100 år gamal. Her er ei gamal trykkemaskin som vart brukt til mindre arbeid, som til dømes kalendertrykk.

Foto: Marit Langseth

I trykkeriet finn me også moderne utsyr, som datamaskiner og det dei treng til Hanna sitt typografarbeid. Stig var den fyrste i området som fekk systemet offset, noko dei er stolte av, så dei har alltid oppdatert seg i takt med utviklinga i samtida.

– Utviklinga har nådd eit punkt der alt går elektronisk. Aviser og forfattarar sender filer med det dei vil trykke til større trykkeri, og så kjem det tilbake ferdig produsert i kasser. Sentraliseringa har også nådd den grafiske bransjen, fortel Hanna.

– Det er ikkje marknad i dag, for å ha same jobb som me har hatt, seier Stig.

No er det slutt for Bergmann Ørsta Trykkeri. Kva ekteparet skal bruke dei komande åra til er ikkje bestemt. Ei epoke er over.

Historia om Johan Ludvig og etterkomerane i Ørsta

Stig er den 4. generasjon i Bergmann sitt trykkerieventyr. Oldefaren, Johan Ludvig, kom med trykkekunsten til Ørsta i årsskifte 1899 – 1900 frå Ålesund.

Johan Ludvig (1842-1925) starta i boktrykkarlære som 11 – 12 åring hjå Andreas Kjølstad ved Nordre Trondhjems Amtstidende i Levanger. Deretter starta han si svennevandring. Etter å ha budd i Trondheim, Kristiania og Hamar, for å nemne nokre stadar, flytte han til Ålesund i slutten av 1886. Med seg hadde han kona og sju born.

I Ålesund var Johan Ludvig med å starte Søndmørsposten på nytt, etter ein mislukka utgjeving nokre år før. I dag heiter avisa Sunnmørsposten og er velkjent på heile Sunnmøre. Johan Ludvig vart sett på som ein dyktig typograf og boktrykkjar. I tillegg fungerte han som journalist og redaktør i ei periode, samt han hadde økonomisk ansvar då han eigde trykkeriet og utstyr. Avisa kom ut to gongar i veka og var venstreorientert. I 1898 bestemte Ivar Flem at avisa skulle trykkast i sitt trykkeri, etter at han vart ny redaktør. Johan Ludvig vart pressa ut og historia vart avslutta for Bergmann i Søndmørsposten.

Johan Ludvig trykte fleire skrifter i Ålesund og forsøkte å skape noko eige, før han flytte til Ørsta med eit mål om å trykkje ungdomsbladet Heimug. Bakgrunnen for valet med å søkje lukka ein annan stad, var etterspurnad frå bank- og forretningsfolk i bygda som ville ha eiga avis. Ein annan grunn var at bygda hadde fått eigen Folkehøgskule. Det var Johan Ludvig kjent med frå livet på Hamar, då han arbeidde for Folkehøgskulen der ei tid.

Heimug vart utgjeve i knappe to år. I 1902 starta han Søndmøre Avis. Avisa kom ut jamt fram til 1921. Historia viser at den hadde ei jamn auke i opplag då den kvartalsvise vekta for registrert frakt, var 60 kg i 1916 og tre år seinare hadde den stege til over 100 kg. Sonen Thorleif (1884-1946) tok over avisa i 1921 saman med systera Aagot (1882-1962), som gav den det moderne namnet Sunnmøre. Avisa vart utgjeva på nynorsk ein dag i veka. Thorleif og Aagot tok med seg det dei hadde av utstyr og flytte avisa først til Volda. Der dreiv dei nokon år før ferda gjekk vidare til Bergen og til slutt busette dei seg i Stryn. I Stryn starta dei avisa Fjordingen. Dei nystarta lokalavisene vart viktige for samfunnet, og verdsatt av folket med ny informasjon og innsikt.

Det vart slik at Sigurd, bror til Torleif, starta Ørsta Avis i 1926 og tok over trykkeriet. Under krigen la sønene til Sigurd ned avisa grunna i at dei ikkje ville trykke det som vart skrive og diktert av okkupasjonsmakta. Som mange andre aviser i Noreg, valde dei heller å stogge produksjonen enn å promotere eit syn dei ikkje stod for. Ørsta Avis forsvann ut av avishistoria.

Då Sigurd skulle leggje opp rundt 1940, vart det rift om trykkeriet i Vikegata. Alle sønene ville ta over. Harald (1914-2007) vann kampen, kjøpte trykkeriet og dreiv det vidare. Harald er hugsa som ein perfeksjonist innan blysats. Han nytta mykje tid i trykkeriet på sine eldre dagar, saman med Stig. Stig er den siste i generasjonsrekkja i Ørsta som har trykkeriet som levebrød.

Sigurds son Øyvind, starta Møre Nytt i Ørsta saman med sin son Alf i 1935. Fleire av borna til Alf tok del i avisarbeidet vidare. Møre Nytt vart kjøpt opp av Sunnmørsposten i 2007.

Familien Bergmann har etablert fleire trykkeri rundt om i Noreg. Slekta har ei brei erfaring og har vist ekte pionerarbeid innan trykkerikunsten.

Den fulle historia kan du lese om i Hanna Bergmann si bok, Familien Bergmann, 2011.

read more: