Featurereportasje

Ingen kjærleik til ferjereisa

Tekst: Hilde Kvammen, Hanne Sofie Fremstad og Birgitte Flote 

Ei bru over Voldsfjorden vil knyte bygd og tettstad saman, gjere det enklare å reise, gi fridom til dei som har bil. Men bru skaper meir trafikk, som gir meir forureining, som får konsekvensar for miljøet.

Kva skal vege tyngst: bygdefolkets ynskje om ein enklare kvardag, eller miljøforkjemparars varsku om aukande forureining? 49169 bilar og 93945 pasasjerar har reist med Folkestadferja det siste halve året.

“Motorduren er grodd saman med båten.” “Lyset flyttar seg bortover fjorden med ferja inni.” “Lyden av ferja følgjer den urolege vassflata inn til henne. Ho tenker: − Kvar som helst, berre bort herifrå.”

I slike vendingar skildrar Edvard Hoem livet til 18 år gamle Marianne. “Kjærleikens ferjereiser” handlar om livet på ei lita vestlandsøy, med ferja som einaste bindeledd til omverda. Ferja vert løysinga på livets små og store problem. Ungdomen reiser over sundet med ferja for å sjå film. Men det går inga nattferje, så ungdommen må overnatte hjå vener til neste dag.

ferje_folkestad_volda

I 2011 vart Ferjelista stifta for å kjempe for eit framleis
godt ferjetilbod etter at Kvivsvegen vart bygd. Men avgjersla skulle takast av fylkeskommunen og kommunepolitikarane kunne berre indirekte påverke utfallet. I 2013 stod Kvivsvegen klar og ferjetrafikken minka med 20 prosent dei første åra. Då lønte det seg ikkje lenger å halde på nattferja.

Nedgangen i ferjetrafikken held fram og berre hittil i år har den vore på seks prosent. Ei kjensle av å havne i bakevja, fortvilinga over timar med venting på ferjekaia, tankane på alt ein går glipp av når ein må heim 23.30. No vil folk på sørsida av Voldsfjorden ha bru. Dette er ikkje kjærleikens ferjereise.

− No flyttar eg til Volda

“− Eg visste ikkje du ville vere tilbake før i morgon, sidan skolen har fri? Ho ler trist: – Du veit at eg ikkje kan reise tilbake, når ferja alt er gått!”

Kl 07:30, ein morgon i september: Det er heilt tomt på ferjekaia på Folkestad. Venterommet ved kaikanten ligg mørkt. Vinden røskar i trea. Ein gut kjem gåande langs sjøen, med vinden rett imot. Høgt over han, heilt øvst oppe i lia, lyser det i dei øvste husa på Folkestad. Døra til venterommet er open, men ingen lys er tent. Før var det kiosk her, no er den stengt. Guten går ikkje inn.

07:45. Om bord i ferja sit Åse Sætrevik med beina i fanget til ein gut. Ho lener seg mot veggen og seier hei til to trøyte gutar som deiser ned ved det same bordet. Sætrevik kjem frå Straumshamn og går allmenn linje ved Volda vidaregåande. Kvardagen er ein kabal og mykje planlegging må til for at den skal gå opp.
− Eg går på handball i Volda. Då hender det ofte at eg må vente ein time på ferjekaia fordi eg ikkje rekk ferja. Det er kjipt.

Situasjonen slik den er i dag, er slitande. Ofte må ho sove i Volda fordi ho ikkje rekk siste ferja. Den går 23.30.
− Det tek jo 45 minutt å køyre rundt. Med mopeden min tek det over ein time. På grunn av ferja skal eg flytte til Volda no.

På eit bord lenger borte, like ved ferjekaféen som enda ikkje har opna, sit Lene Kongsvoll. Ho er 17 år, går på vidaregåande i Ørsta og tek ferja kvar dag. Ho kjem ofte for seint til skulen. Somme gongar er ferja for sein, andre gongar er det bussen.

− Men lærarane skriv ikkje fråvær sidan dei veit kvifor det skjer, seier ho.
Også ho fortel at ho ofte må overnatte i Volda/Ørsta fordi ho ikkje rekk siste ferja.
− Det hender nok annankvar helg. For foreldra våre hadde det vore godt å vite at vi kjem trygt hjem. Slik er det ikkje no, seier ho.

Debatten som døde

9. september: Det er under ei veke til valet og partileiarane er samla til folkemøte på Samfunnshuset. Debattleiarane spør Volda-politikarane om dei har gjort nok for å få ned bilkøyringa i kommunen. Høgres Dan Helge Bjørneset tek til orde for å «oppmuntre til sykkel». Debattleiarane vender seg til Arild Iversen:
− Har “gå-til-jobb-aksjonane” fungert?
− Ja, det har i alle fall vore kjekt å vere med dei gongane vi har hatt desse aksjonane. Eg køyrer for mykje bil, men dei gongane eg har gått ser eg at det er ein god start på dagen.

Så ber leiar i Raudt, Gudrun Juuhl, om ordet.
− Kanskje er dette eit hint om at haldningskampanjane ikkje har fungert. Det er ironisk at samtidig som kommunen har ein veldig fin klimaplan som handlar om at ein skal redusere biltrafikken, så planlegg ein også å byggje ei bru over Voldsfjorden. Det vil auke biltrafikken.

Øyvind Festø (MDG) nikkar medan Juuhl pratar. Han rekk opp handa, men ordet blir gitt til Odd Folkestad (Frp).
− Måla som er satt er ikkje oppnåelege i det tempoet som er fastlagt. Skal det vere ein plan som ein kan tru på, må den ha realistisk mål. Eg er sjølv tilhengjar av og praktiserar av eit kollektivtilbod. Eg har relativt lang veg å gå frå der eg bur og ned på ferja. Men eg kan altså ikkje symje over fjorden.

Han byrjar å snakke om opningstidene for barnehagar og at dei ikkje går overeins med kollektivtilbodet. Med dét vert debatten om brua lagt død.

folkemøteivolda

SAMLA TIL KLIMADEBATT: – Kva må gjerast for å få ned biltrafikken i Volda, spør debattleiarane. – Vi må oppfordre folk til å sykle, svarar Dan Helge Bjørneset (Høgre) Foto: Nicolay Woldsdal

Bryt klimaplanen

I Volda kommune sin klimaplan er det eit mål å redusere biltrafikken. Statens vegvesen har i rapporten Ferjefri E39 gjort ein gjennomgang av tidlegare ferjeavløysingsprosjekt. Rapporten viser at opning av bru gir ein vekst i trafikken på 35-100 prosent.

Øyvind Festø, leiar i Miljøpartiet Dei Grøne, meiner at bru til Folkestad er ein dårlig ide.
– Det vil føre til auka bilbruk og gjere Volda sentrum meir trafikkert.
Odd Folkestad seier det er galt å hevde at bru er mindre miljøvennleg enn ferje.
– Bilparken utviklar seg stadig til å bli meir klimavenleg, seier han.

Eit mål i klimaplanen er å arbeide for å betre forholda for kollektivreisande. Dette inneberer å arbeide opp mot fylke og staten, då det ikkje er kommunepolitikarane som tek dei endelege avgjerslene.
Dersom brua blir realitet, vil det ifølgje Odd Folkestad gå buss kvart 15. minutt frå Folkestad til Volda.
– Det kan ikkje ein kommunepolitikar seie noko om, uttaler Magne Arild Vinje, assisterande samferdselssjef i Møre og Romsdal fylke.

Det er Fylkeskommunen som har ansvaret for busstilbodet i regionen. Vinje forklarar at dei først kjem inn i biletet etter at vedtaket om bru er tatt. Difor har dei enda ikkje diskutert korleis busstilbudet vil bli dersom det blir bru.

Lønsamt med el-ferje

– Sats heller på miljøvenlege ferjer, seier Øyvind Festø i MDG.
Eit av Noregs nye og ambisiøse klimamål er å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030. Stortinget har også vedtatt at norsk ferjetransport skal bli hundre prosent basert på null- eller lavutsleppsferjer innan 2025.

Ifølgje rapporten “Elektrisk drift” av Siemens og Bellona vil Noreg spare 300 000 tonn CO2 i året på å bytte ut dagens dieselferjer med el-ferjer. Det tilsvarer ni prosent av det årlege utsleppet i innanriks sjøfart og fiske.

Verdas første el-ferje er den norske ferja “Ampere” som går strekninga Lavik- Oppedal. Siemens og Bellona har samanlikna alle Noregs ferjer med Ampere. Dei har sett på driftsprofilen, altså alt som kan målast på ei ferje, til dømes overfartstid og talet på avgangar. Dette har dei målt opp mot el-ferja.

For sju av ti ferjer vil det vere økonomisk lønsamt å leggje om til el-drift, konkluderer rapporten.
– For strekninga Folkestad- Volda vil det eigne seg særleg godt å leggje om til el-drift. Dette kjem mellom anna av at ferja har hyppige avgangar. Desto fleire turar, desto meir diesel. Dessutan har ferjestrekninga ei overfartstid som er under 35 minutt. Med lang overfatstid treng ein fleire batteri for å få ferja over og det blir dyrt, seier Christian Jahr i Siemens.

– Eg har ei tru på bru

Ifølgje Odd Folkestad (Frp) handlar brua om kva framtid ein vil ha for Volda.

– For sjukehus, høgskule og næringsliv er det rett og slett uansvarleg å sjå for seg at eit ferjesamband skal vere godt nok i framtida. Brua vil skape meir trafikk som vil bringe Volda og Ørsta nærmare Nordfjord, seier han.

Folkestad fortel at han vart stempla som «gal» då han for nokre år sidan fremja forslaget om ferjefri Voldsfjord i kommunestyret. No er han sjølve maskoten for bruforkjemparane.

Tidlegare i vår vedtok eit bortimot einstemmig kommunestyre at det skal opprettast eit bruselskap som skal arbeidde for bru over Voldsfjorden. Planen er at brua skal gå fra Greivsneset til Krumsvikneset.

Bakgrunnen for at bru er meir realistisk i dag, er at Regjeringa har opna opp for bruk av ferjeavløysingsmidlar. Dermed kan pengar som ein har fått frå fylkeskommunen til drift av ferje, no brukast til å byggje bru i staden. Odd Folkestad er optimist.
– Eg har ei tru på bru. Eg tenkjer at brua kan begynne å byggast innan fem til åtte år, seier han.

Marianne_Meek_Bjørkedal_ferja

VEKST FOR BYGDENE: Marianne Meek Bjørkedal meiner ei bru vil vere positivt for lokalsamfunnet. – Kanskje flytter fleire familier til bygdene, seier ho. Foto: Birgitte Flote.

– Viktigare å kome seg fort fram

Kl 07:30, ein morgon i september: Det er no eit kvarter til ferja skal gå. Ein raud jeep står og ventar, fremst i det som snart skal bli ei kø. Arild Natland bur på Folkestad, er bygningsarbeidar og jobbar rundt om i heile regionen. Termokoppen held han i nevane sine, ferja den tek han kvar einaste dag.
– Det viktigaste for meg er å kome fort fram. Derfor vil eg ha bru. Ferja er fin, men tek tid, seier han.
– Er miljøet viktig for ditt syn?
– Eg tenkjer ikkje så mykje på miljøet, svarar han.

07:45: Inne på ferja sit tre damer og pratar. Marianne Meek Bjørkdal, Heidi Istad og Aase Meek skal alle på jobb. Meek Bjørkedal sit med beina i setet og lener ålbogen på seteryggen.
– Eg trur at ei bru vil kunne tiltrekkje seg fleire til bygdene. Brua vil bli viktig for heile sørsida. Det vil gjere området meir attraktivt, og kanskje få fleire yngre personer og familier til bygdene, seier Marianne Meek Bjørkdal.
Korleis er det å bu på sørsida i dag?
– Det er eit hinder. Vi vil kunne dra på ting når som helst på døgnet. Vi er leie av å ikkje kunne reise til Volda når vi ynskjer det og å måtte planlegge dersom vi skal vere seint i Volda.

Kl 08:00: Lyden av ferjelemmen i det ferja møter land, menneske som reiser seg på same tid. Bilar køyrer av ferja, nye køyrer på. Travle menneske går i land, på veg til jobb i rask gange. Det er lys i venterommet ved kaikanten. Ein gut går av ferja, går langs sjøen, med vinden i ryggen. Overalt lyser det i husa i Volda.

“Ferja går, i alle fall, og folk gjer reiser med ferja(…)Kva kan han som skriv vite, anna enn at dei går i land?”

read more: