Featurereportasje

Med ferdigpakka ryggsekk

Skikøyrarar fanga av ein nådelaus snø, kanoen som veltar, ei dement dame som går seg vill. Om ingen leitar, vert dei heller ikkje funne.

For ti år sidan heldt Tormod Eldholm møter for tomme lokale, om og om igjen til folk omsider møtte opp. Den gong hadde dei berre ei lita kjerne av aktive medlemmar, og engasjementet var labert, både i lokalsamfunnet og blant studentane.

Så snudde det.

I dag har Volda fylket sitt største hjelpekorps med 60-70 aktive medlemmar. Dei fekk 30 nye berre i haust. Røde Kors sentralt gjekk i vår ut og hylla Eldholm, dei kalla han ein lokal helt, på grunn av evna til å få med seg folk.

Tormod_Eldholm_Grøndalen

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen

Tidleg morgon 11. september: I Grøndalen har Eldholm leia søket etter ein eldre mann. Heile natta har dei leita, utan hell. Han fortel til Nærnett at det har vore eit vanskeleg søk, ei natt der dei har slite på grunn av mørkret og på grunn av eit kupert terreng med lyng og krattskog. Eit utslitt team vert bytta ut med nye krefter.

Eldholm vert verande. Heile dagen. Med jamne mellomrom kjem han med uttalelsar til Nærnett, om søket som vert utvida og om mannen som dei framleis håper å finne i live. Filmklipp vert lagt ut med uttalelsar frå ein sliten aksjonsleiar som pressar opp auga.

Rastløysa rår

− På grunn av hjelpekorpset, tenker du?
Tormod Eldholm har akkurat blitt spurt om han vil stille til portrettintervju. Etter ei kort tenkepause innser han kvifor vi spør, som om han først hadde gløymt at han er leiar for Møre og Romsdals største hjelpekorps.

To dagar seinare møter vi han i Røde Kors- huset. Han sit med venstre fot på høgre lår, tilbakelena og med høgre arm på stolryggen. Denne lenestolen i raudt trekk står i enden av ei lang rekke slike stolar, framfor lange trekvite bord. Ein orkidé av plastikk står i vindauget, malplassert og aleine. Eit lite norskeflagg er plassert eit hjørne og minner oss på dagen då dei frivillige marsjerer gjennom gata og vinkar til bygda.

−Eg er nok ganske rastlaus, eg elskar å ha det hektisk, når mange ting skjer samtidig og eg må konsentrere meg for å halde kontroll på alt.

Han flyttar på foten, skiftar stilling i stolen. Innimellom stoppar han opp, tenker seg om før han held fram å snakke. I desse sekunda med stillheit høyrer vi ei veggklokke som tikkar, visaren som raskt flyttar seg mot eit nytt sekund. Eldholm snakkar med rolig stemme. Lite tyder på at ein kvardag med høgt tempo har gjort han stressa.

Han seier setningar som «når det kokar» eller «når det er mange ballar i lufta» når han skildrar tidspunkta han likar aller best. Organisere, systematisere, ha den fulle og heile oversikt.

Slik er det i hjelpekorpset, men det er også dette jobben hans går ut på. Sidan 2006 har han jobba ved driftsentralen i Mørenett/Tussa, der han følgjer med på om alle har straum og der han har den fulle oversikt over montørar som er ute og jobbar. Jobben er til tider hektisk, innimellom må han sleppe det han har i hendene og storme av garde for å arbeide. Andre gongar er det jobben han forlet for å hjelpe i redningsaksjon.

eldholm_røde_kors

RASTLAUS: Å vere leiar i hjelpekorpset kan vere hektisk. Innimellom må Tormod Eldholm slappe av. Det gjer han ved å gå på fjellet eller pusse opp eit småbruk. Foto: Karoline Ravndal Lorentzen

På hugget

− På dagar med skredfare er eg på hugget. Då sjekkar eg utstyret og førebur meg på å måtte hive meg rundt.

Han dreg sjeldan nokon stad utan utstyret sitt. Ein ferdigpakka bag ligg klar i bilen, alltid med der han er, i tilfelle hjelpekorpset må rykke ut. Skjer det noko skal han vere klar på ti til femten minutt, det er målet. Ein livsstil kallar han det.

− Det er ingen som tvinger dei frivillige til å møte altså. Det er ingen som krev at du skal ha ein god grunn om du let vere. Det hender jo at ein ikkje kan.

Han vert med eitt veldig pedagogisk når han snakkar om det valfrie ved oppmøtet. Det er leiaren som snakkar no. Alle er velkomne, ingen skal føle dei må gjere noko dei ikkje vil, alle har forskjellege eigenskapar, osv.

Spørsmålet som vart stilt er eigentleg kor ofte han sjølv let vere å møte. Der er svaret eit anna. Han er som regel alltid med og om han ikkje møter så er han med likevel. Han følgjer med så nøye at han til slutt innser at han like gjerne kan dra ut. Sjølv kor dårleg det passar.

Blir du aldri sliten?
− Jo, det hender det blir for mykje. Nokre gongar kjenner eg at eg må bremse ned. Då går eg på fjellet. Det er den beste avkoplinga. Ja, så har vi eit småbruk som vi pussar opp. Då slappar eg av.
Så du ligg aldri på sofaen?
Han må stoppe opp og tenke. Så smiler han, og det ser ut som han innser noko nytt om seg sjølv.
− Nei, det klarer eg ikkje, ler han til slutt.

«Fire skiløpere funnet omkommet»

16. april 2014: Eit reisefølgje på seks personar har dratt på topptur til Litleskjorta i Sunndalsfjella. Gruppa delar seg i to og avtaler å møtast seinare på dagen, men fire av mennene møter ikkje opp. Dei blir meldt sakna. Når hjelpekorpset rykker ut gjer dei det vel vitande om at dei skal hente fire døde personar.

Eldholm fortel om denne dagen, om bilturen der dei pratar om det som skal skje og førebur seg på det dei skal sjå. Berre erfarne medlem av korpset er med. Det er for tøft for dei som enda ikkje har opplevd aksjonar med tragisk utfall, for dei som ikkje veit korleis dei vil reagere.
− Sjølv kor fælt det er så veit vi at det er viktig for dei pårørande å finne dei omkomne. Vi veit at  nokon må gjere det og det gjer det verdt det.

Nokre leiteaksjonar er gløymt etter ei stund. Andre, som snøskredet i Sunndalen, bærer han med seg etterpå. Aksjonar med tragisk utfall, der ein finn omkomne, gløymer han aldri.
− Samtalar med dei pårørande kan vere tøft. Du står der og jobbar med dine eigne reaksjonar og så skal du møte reaksjonane til dei pårørande i tillegg. Slike hendingar blir du aldri heilt ferdig med, dei tek du med deg resten av livet.

DSC_0223

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen

Slekters gang

Eldholm vaks opp i Bergen. «Ei speidarfamilie» kallar han familien. Av foreldra vart han lokka med på tur. Han lærte å like naturen.

Kona møtte han på fjellet. Voldingen Bente Lothe Eldholm var som han sjølv seier «nesten like interessert i friluftsliv» som han sjølv. Dei budde i Bergen i nokre år og familien vaks på kort tid. Snart hadde dei tre ungar; to jenter og ein gut. I dag er dei 22, 24 og 26 år.

For 20 år sidan flytta familien til Volda. Borna var framleis små den dagen foreldra fann ut at fjella kalla i så stor grad at dei ikkje kunne bli verande i vestlandshovudstaden. På same måte som han vart lokka med på tur av foreldra, var det no eit mål at hans eigne born skulle lære å like friluftsliv.
− Barna vart drege med på tur frå dei var små. Dette har nok påverka dei til å drive aktivt med friluftsliv også som vaksne.

Bærplukkaren

La oss gå tilbake til Grøndalen. Ein eldre mann skulle plukke bær. Mannen var fjellvant og kjent i området. Han parkerte bilen på parkeringsplassen like ved Røde Kors- hytta. Derifrå gjekk han gjennom skog og kratt. Klokka 18.20 vart mannen funnen død i terrenget.

Eldholm vert verande heile dagen. Han held kontakt med politiet, vurderer kva som må gjerast og kvar som skal søkast, får folk ut i felten.

Gjennom heile natta leita 40 leitemannskap frå Røde Kors i Møre og Romsdal. Morgonen stod nye 30 personar klare til å ta over.

read more: