Reportasje

Ørsta sine rullestolbrukarar vil ikkje stuast vekk

Parkeringsplassane er alt for små, toaletta er for få, og gågata er det umogleg å ta seg fram på.

– Trill han litt lenger bak, seier Elling Kvistad.
Han er på veg ut av ein vanleg personbil utanfor Amfisenteret i Ørsta. Han peikar på ein liten manuell rullestol, som er teken ut av bagasjeromet og trilla bort til førarsetet på bilen.

elling på veg ut av bilen

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Elling er 72 år, og sit i rullestol som følgje av det legane meiner er ein arveleg muskelsjukdom. Han har vore gardbrukar på Kvistad i Ørsta kommune heile sitt liv, inntil han hamna i stolen. Han har tilrettelagd bil med heis på sida, men denne står for tida på verkstad. Elling må difor ha hjelp til å kome seg ut av bilen sin. Han tek tak i beina sine, og lempar dei ned på asfalten. Så løftar han seg opp i ståande stilling og held seg godt fast i bildøra. Deretter må han bruke handemakt til å få løfta seg sjølv over i stolen. For å kome seg inn i bilen til å byrje med, måtte han ty til andre metodar.
– Eg køyrde bort til bilen heime, i den elektriske rullestolen min og sette den manuelle i bagasjeromet. Då kom eg meg inn i bilen sjølv, seier han.
Bilen som skal kunne frakte den elektriske rullestolen fekk han for fem år sidan. Men mykje av denne tida har bilen stått på verkstad. 72-åringen har ofte vore nøydd til å ta til takke med ein vanleg personbil, slik som i dag. Den elektriske rullestolen må stå att heime.
– Eg kan ikkje kjøpe meg ny bil sjølv og få montert på heis, det vert for dyrt. Reglane seier at eg må ha bilen i 11 år før eg får høve til å søkje om ein ny, seier Elling.
Det er nemleg så lenge ein forventar at ein vanleg bil skal halde, sjølv om Elling sin bil nesten har stått meir på verkstad enn han har vore i bruk.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=abxrnl-w2A8&w=853&h=480]

Halvparten så brei som lovleg

I Noreg har omlag 17 prosent av innbyggjarane ei funksjonshemming, kjem det fram av Statistisk Sentralbyrå. Det er over 850.000 menneske, omlag slik innbyggjartalet er i dag. Heile Noreg skal vere universelt utforma innan 2025, ifølgje regjeringa, slik at alle skal ha bortimot like moglegheiter til å kunne ta seg fram i lokalsamfunnet sitt.
– De får måle opp parkeringsplassane, seier Elling.
Han har fått sjå målebandet som er teke med for å undersøkje størrelsen på plassane utanfor kjøpesenteret. Målebandet virrar ut av behaldaren sin, og legg seg over parkeringsplassen. 2,3 meter, står det. Godt og vel 4,5 er regelen. Dei andre plassane er litt breiare, men det manglar fortsatt godt og vel ein meter. Den einaste parkeringsplassen som nesten møter måla i Ørsta, er ved Vikemarka skule. Her manglar det ein halv meter.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Ein parkeringsplass for funksjonshemma må vere så brei for at rullestolbrukarar skal kome til med bilar som har heis på sida. Dei må ha nok plass til å køyre ut heisa, og til å kome seg inn og ut av bilen.
– Det er mogleg å kome seg ut på dei breiaste plassane dersom ein har heis bak på bilen, men med sideheis vert det ikkje mogleg, seier Elling.
Oktobermånaden har teke med seg haustvinden og duskregnet til Ørsta, men Elling frys ikkje der han sit på den opne parkeringsplassen, utan ytterjakke.
I periodar med mykje folk på senteret, parkerer kundane tett. Dei tilrettelagde parkeringsplassane er for små frå før, så til dømes i julestria er det nær umogleg å kome til, meiner 72-åringen. Ifølgje forsking.no i 2013, var det færre enn to prosent av 1700 tilrettelagde parkeringsplassar som møtte krava som Noregs Handikapforbund har sett som naudsynte for rullestolbrukarar.

Enlarge

Målband-vikemarka-2
406 cm, står det på målebandet. Denne parkeringsplassen for funksjonshemma er den breiaste i Ørsta. Men han møter ikkje krava.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Lettare å vere synleg i Ørsta

Inne på bakerikafeen i første etasje på Amfi Ørsta, sit det fleire med og utan rullestolar rundt eit bord og pratar. Her er det varmt og godt, rulletrappa durar i bakgrunnen, og kasseapparata pip i kor. Harald Olsvik som er noverande leiar for Ørsta og Volda sitt lokallag for Norges Handikapforbund sit her, med grått hår og blått blikk, saman med Erling Høydalsvik.
Høydalsvik sit også i rullestol. Han har fått ei skade i foten og har fotstøtta høgt, så stolen treng ekstra plass ved bordet. Han meiner det er lett for rullestolbrukarar å kjenne seg «vekkstua», og at dei trur dei sjølve må ta heile ansvaret for å kome seg ut på plassar der alt ikkje er tilrettelagt. Det kan vere vanskeleg å reise på besøk til folk ein kjenner dersom ein plutselig ikkje kjem seg inn ei vanleg inngangsdør.
– Nokre av kjenningane mine har sett inn nye dører for å kunne ta imot rullestolbrukarar. Ein eg kjenner selde huset sitt og bygde nytt, fordi han ikkje orka tanken på å ikkje kunne ta imot venane sine, fortel han. Han tek seg god tid når han pratar og legg trykk på kvart ord.
Han trur det er lettare å vere synleg i Ørsta samanlikna med andre plassar, og er glad for at det er slik.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

F.v. Harald Olsvik, Geir Nybø og Elling Kvistad. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Amfi som møteplass

Nettopp det å vere synlege er viktig for dei. Dei kan kome seg ut av huset sitt og prate med kvarandre i eit kvardagsleg miljø, utan at det vert særskilt vanskeleg eller unormalt. Amfi-senteret i Ørsta er ein fin møteplass. Det inneheld dei aller fleste naudsynte fasilitetane for rullestolbrukarane. Men når det gjeld dei for smale parkeringsplassane til dømes, er det eitt godt stykkje att å gå.

Senterleiar Peder Lid. Foto: Kristine B. Barane

Senterleiar Peder Lid.
Foto: Kristine B. Barane

– Eg var ikkje klar over at parkeringsplassane ikkje var breie nok, seier senterleiar på
Amfi, Peder Lid. Han har smilande dukka fram frå kontoret sitt på kjøpesenteret.
Elling meiner likevel at han har gjort Lid oppmerksam på parkeringsproblemet fleire gonger. Han ristar på hovudet.
– Funksjonshemma menneske er kundane vore dei og, så det er viktig for oss at dei kan bruke senteret, konstaterer Lid.

Eigarane sitt ansvar

Påtroppande varaordførar, Karen Høydal, er leiar for Rådet for likestilling for funksjonshemma i Ørsta. Ho fortel at det er bygg-eigaren sitt ansvar å syte for at parkeringsplassane fyller dei lovfesta måla. Det er altså Amfisenteret sine eigarar som har ansvaret for parkeringsplassane.

Leiar for likestillingsrådet for funksjonshemma, Karen Høydal. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Leiar for likestillingsrådet for funksjonshemma, Karen Høydal.
Foto: Charlotte Karoline Kvistad

– Dersom ein skal klage på byggeutforminga, må ein klage det inn til Ørsta kommune, forklarar ho.
Rådet for likestilling av funksjonshemma skal fungere som eit mellomledd mellom brukarane og kommunen.
– Kommunen skal føre vidare tilsyn av til dømes parkeringsplassane, men slik det er no, har dei ikkje kapasitet, seier Høydal.

– I Ørsta må du ha elektrisk stol

Begge rullestolbrukarane ved cafébordet har store elektriske stolar. Breie hjul og polstra seter. Ettermiddagskaffien er komen på bordet for lenge sidan, koppane er nesten tome. Elling trillar bort til dei i sin vesle manuelle stol, og dei andre rundt bordet gjer plass åt han. Mennene er einige i at det er mykje som fungerer i Ørsta kommune, men at det også er mykje som ikkje gjer det.
– Ørsta er ganske bra, men då må ein ha rullestol med motor, seier noverande leiar for Handikaplaget i Ørsta og Volda, Harald Olsvik.
Han siktar til Elling som har manuell stol, og må kome seg rundt for eiga maskin.
– Gågata er umogleg å bruke for oss med rullestol, skyt Elling inn.
Det går tidvis greitt med elektrisk stol, meiner Olsvik, men då må hjula vere breie nok.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Treng fleire toalett

Mennene rundt bordet peikar også på tilgangen til offentlege toalett for funksjonshemma i Ørsta sentrum. Det er ikkje vanskeleg for gjennomsnittsmennesket å gå inn på ein butikk eller bensinstasjon og spørje om å få låne toalettet. Rullestolbrukarar, og særleg rullestolbrukarar med store elektriske stolar, får problem. Dei treng at toaletta er tilrettelagde for bruk, at dørene er breie nok og lette å opne, og at der ikkje er fysiske hinder verken utanfor eller inne på toalettet.
– Eg kan ikkje gå inn i ein kva som helst slags butikk til dømes, og vite at dersom det knip så kan eg spørje om å få låne toalettet, seier Erling Høydalsvik. Han tenkjer seg om, og kjem fram til at det er bra mange stader. Men ein kan ikkje ta det for gjeve at rullestolbrukarane kan gjere som vanlege menneske og til dømes nytte seg av toaletta på butikkane.
– Eg veit ikkje nøyaktig kor mange handikaptoalett der er i sentrum, men mange er det ikkje, seier Karen Høydal.

Fjerna kantar ved rådhuset

Høydalsvik minner også om at det mange stader ikkje er lett å kome seg inn på butikkar, på grunn av mellom anna høge kantar.
– Ein sånn stol kjem seg over ein kant som er så høg, men ikkje meir, seier han og måler om lag 15 cm med hendene sine.
Karen Høydal fortel at slike kantar er det gjort noko med. Ved rådhuset har dei fjerna dei.

Å vere eitt menneske

Erling Høydalsvik er ein lang og kraftig mann, med djup stemme og ein stor rullestol. Stemma hans ber over støyen frå matbutikken som ligg rett ved caféen. Av og til kan det oppstå vittige situasjonar på grunn av rullestolen, fortel han.
– Til dømes når eg skal reise til Syden i lag med kjerringa. Når vi går i skranken er det som regel ho som går bak meg med bagasjen, mens eg trillar fram og legg fram billettane. Når billettane kjem att, er det alltid ho som får dei. Men så kan det av og til hende at det vert usemje.

– Eg er ganske flink til å krangle, så usemja er det oftast eg som tek meg av. Dersom det er naudsynt, kan eg av og til reise meg opp og stå litt. Då vert eg høgare enn dei som sit bak skranken. Nokre gonger kan eg gå eitt par steg. Stemninga og haldninga vert noko heilt anna. Då er eg plutseleg med. Då er eg eit menneske, og då vil dei gjerne prate med meg.

Høydalsvik har forståing for at enkelte tykkjer det er vanskeleg å vite korleis ein skal handtere folk som har andre føresetnader for livet enn ein sjølv har. Han trur at å gå ut og treffe folk på Café sjølv om ein sit i rullestol er ein viktig måte å vise verda at det går an.
– Eg trur at det å lære seg å utfordre grensene og finne ut kva som er greitt å spørje og prate om, kan vere noko alle kan strekkje seg etter.

Elling framfor det som var storsatsinga "midt i gata". - Her har dei brukt ein masse pengar, og så sperrar gata for alle med rullestol, seier han. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Elling framfor det som var storsatsinga “midt i gata”. – Her har dei brukt ein masse pengar, og så sperrar gata for alle med rullestol, seier han. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Vil ikkje vere sytepave

Elling er ikkje glad i å snakke om sjukdommen sin, for han tykkjer ikkje det er noko kjekt å tykkje synd om seg sjølv. Han bur åleine og klarar det meste sjølv.
– Det er veldig kjekt å kunne leve sitt eige liv, kunne reise dit ein vil og vere sjølvhjelpt. Det er mange som sit i rullestol, så det må eg nesten finne meg i, smiler han. Han har lagt hendene i fanget og lener seg bak i stolsetet.
– Set eg meg til å sutre, så øydelegg eg for meg sjølv aldeles!
Han tykkjer det er vanskeleg å hugse når han vart sjuk, men det starta i 40-åra, meiner han.
– Det kom vel snikande mens eg gjekk og dreiv garden, men før i tida kalla ein alt for gikt, seier Elling.
Han har hatt ei rekkje diagnosar, mellom anna slitasjegikt, MS og Borelia, men er ikkje påvist sjuk på nokon måte anna enn ei muskelvev-prøve som ikkje er slik ho skal vere. Beina fungerer ikkje, men korkje hovudet eller hendene er det noko feil på.

Mykje prat, lite gjort

Elling har lite tru på at politikarane vil ta tak i problema. Han har vore med i politikken sjølv, fortel han, og er godt kjend med prosedyrane.
– Dei er flinke til å prate, men det er lite som vert gjort, meiner han.
Han vert trilla oppover mot gågata, som ein gong var prosjektet «Midt i gata», for å vise kor vanskeleg det er for ein manuell rullestol å ta seg fram over brusteinen. Når han kjem opp, tek han over stolen att. Elling trillar, stolen ristar. Brusteinen er tørr, men hjula på stolen er tynne og glir mellom steinane.
– Brustein eignar seg ikkje å bruke til gågate, seier Karen Høydal på vegne av likestillingsrådet.
Dersom brusteinen skal gjerast noko med må det søkjast støtte til det, avsluttar ho.

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Trille på to hjul

Ørsta manglar tilrettelegging både reint praktisk og når det gjeld inkludering. Elling har til dømes erfaring med at andre ikkje alltid klarar å behandle rullestolbrukarar på rett måte.
– Dersom eg er trøytt i armane treng eg å verte trilla. Då kan det vere lett å setje opp ei bekymra mine og spørje den som trillar om det er bra med meg. Eg kjenner meg mindre verd enn personen som går bak meg i slike situasjonar. Det er jo ikkje hovudet mitt det er noko gale med, smiler han.
Han er trøytt i armane no, og overlét kontrollen over stolen. Han har ei svart reim over leggane, slik at føtene ikkje skal gli ut når stolen trillar over ujamt underlag.
Elling lærte å bruke manuell rullestol på kurs på Beitostølen. Han var heilt sikker på at å lære han å trille rullestol for eiga maskin, det var bortkasta tid.
– Eg sa til ho som skulle lære meg å trille på to hjul at dette kom eg ikkje til å få til. Og klara ho å lære meg det, skulle ho i alle fall få seg ein klem. No trillar eg rundt lett som berre det, smiler 72-åringen. Han trillar ein «piruett» på cafegolvet. Harald Olsvik set sin elektriske stol i gir, og gjer det same.
Elling har til og med lært seg å bruke rulletrappa på Amfi. Då står rullestolen på skrå i trappa, og han held seg godt fast i rekkverka på begge sider.
– Men alle rundt meg vert så hysteriske at det vil eg ikkje demonstrere, ler han.

read more: