Chapters
Featurereportasje·Historie

Øyraelva: Ei tidsreise

Har du nokon gong lurt på kva som skjular seg av historie i området rundt Øyraelva? Nernett har gått inn i tidsmaskina, og kome ut med svaret.

Om ein ser geografisk på Volda som stad, er det kanskje to ting som har vore avgjerande for plasseringa.Det eine er Rotsetstranda, der det første sentrum i Volda låg. Dette var ei naturleg havn. Det vi i dag kjenner som sentrum er steinmasse som er fylt ut i havnebassenget, og før dette var Rotsetstranda betre eigna som havn.

Det andre er Øyraelva. Den var med på å skape livsgrunnlaget for dei som slo seg ned her. Men nøyaktig kva har dei ulike nytteverdiane av elva vore gjennom historia? Frå dei første møllene, via industriperioda rundt år 1900, og fram til i dag, har elva hatt mange ulike funksjonar.

DSC_4327.jpg
Historikar Eivind Indresøvde

Møllene

Eivind Indresøvde er historikar, og lokalkjent ved elva. Han fortel at den første bruken av elva, kom i mellomalderen, ved bruk av møller.

Når det kjem til denne perioda, er dei nøyaktige tidspunkta noko vanskelege å fastsetje, men Indresøvde legg til, at det etterkvart kom nokså mange møller, eller bekkekverner, langs elva. I tillegg til maling av korn, vart det frodige området rundt elva nytta til beitemark for husdyr.

DSC_4331.jpg

Sagbruk og guanomøller

I tillegg til dei første møllene fortel Indresøvde at tidleg på 1600-talet, kom dei første oppgangssagene. Desse var drevne av elva, og Indresøvde fortel at dette var ei viktig handelsåre i denne perioda.

I denne epoka kom det også forsøk på å lage større møller, med tre møllesteinar satt saman. Dette var, uvisst kvifor, ikkje vellukka.

Guanomølla

Ein anna industri som vaks fram, var guanoproduksjon. “Guano” stamma opprinneleg frå Sør-Amerika, der ein tok avføring frå måsar, malte det opp, og nytta det som gjødsel.

I Noreg var jordbruket i stadig ekspansjon, og behovet for gjødsel var aukande. Men i staden for basisproduktet som vart nytta i sydlege strok, tok ein noko anna ein hadde mykje av, nemleg fiskeavfall, og foredla det.

Og her kom møllene inn i biletet. Fiskeavfallet vart mala opp, men i mangel på eit nytt navn, kalla ein det enkelt og greit for “guano”. Mølla i Volda vart bygd om lag 1880.

DSC_4332.jpg

Kraftverk og støyperi

I 1903 vart det etablert eit støyperi ved elva. Indresøvde fortel at det var forretningsfolk frå austlandet som var interressert i å etablere eit jernstøyperi i området, då dei såg det mangla. Dei etablerte seg i bygningane til skinngarveriet, som vart nedlagt like før.

Støyperiet vart ei viktig bedrift i lang tid, og behovet auka særleg etter bybrannen i Ålesund i 1904. Det var mange ulike produkt, alle i jern, men noko av det mest etterspurte var ovnar. Bedrifta vart nedlagt på 60-talet, men bygninga står der i dag, om enn i ei litt anna form.

I 1908 kom det første kraftverket i Volda. Dette var privat eigd, og vart etablert i samband med eit fargeri. Mannen bak, heitte Rasmus Sivertsen Halkjelsvik. Overskotet av straum selde han til andre bedrifter.

DSC_4334.jpg

Forsøpling og opprydding

Etter som elektrisiteten vart meir og meir dominerande, vart krafta frå elva sakte men sikkert mindre viktig for bedriftene, då elektrisk kraft både var billigare og meir effektivt.

Det var mykje forsøpling, sjølv om området også vart brukt til fiske, og leikeplass for borna i Volda, noko historikaren hugsar frå sin eigen barndom.

Men, heldigvis tok kommuna tak i området på slutten av 80-talet, og rydda opp. Turstien går i dag frå Årneset ved Rotevatnet, og nesten ned til prestegarden.

Ved enden av stien ligg det også ein stor holme i elva. Her er det store planar, avsluttar Indresøvde.

DSC_43331.jpg

read more: