Historie·Reportasje

Pensjonist utan pause

Ein 90 år gammal mann spaserar inn på ein kafè i Volda. Han har ein stokk i handa og ein sixpence på hovudet. Eg reiser meg opp, tar han i handa og presenterer meg sjølv.
– Jostein Fet, svarar han, før han legg til: – Så, korleis blei du obs på meg?

Foto: Marit Eide

 Alltid i arbeid

Jostein Fet si forsking har snudd totalt opp ned på korleis ein ser på lese- og skrivekunnskapen til bønder frå 1600 fram til midten av 1800-talet. Han har vore pensjonist sidan 1990, men Jostein tar seg ikkje fri. Same år som han gjekk av med pensjon blei han leiar for folkemusikk arkivet i Møre og Romsdal ved Høgskulen i Volda. Der blei han i 11 år.

– Du bestemmer sjølv di eiga skjebne.

Han har gjeve ut seks bøker i pensjonstida si, og har enda ei på veg til trykkeriet. Så må ein ikkje gløyme dei 32 publikasjonane han har publisert i pensjonstida. I 2004 fekk han Kongens Fortenestemedalje i Gull.

Folkemusikk og krigstid

10. september, 1924 kom Jostein til verda. Han vaks opp på ein gard i Sykkylven med sju sysken.
– Syskena mine betydde veldig mykje for meg, særlig dei tre brørne mine. Me var utruleg gode vener og kamerater. Me spelte fele i lag, og delte interessa for folkemusikk, fortel Jostein.

– Det er mange likskapspunkt mellom muslimsk tenkjemåte, og den som ein finn blant bøndene på 1600-talet.

Av syskenflokken er det han og to systrer som framleis er att. Far deira kjøpte ei fele når han kom heim att etter eit sju år langt opphald i Amerika. Han var ikkje noko speleman i følgje Jostein, men han var veldig interessert i folkemusikk. Bror til bestefaren deira var ein flink dansar, og bad dermed gutane spele gamle slåttar og springdansar så han kunne danse. Gutane kunne ikkje desse låtane i byrjinga, men etterkvart blei dei flinkare og flinkare.
– Litt etter litt arbeida me oss inn i materialet, så skipa bror min og eg eit spelemannslag. Me blei med på kappleikar, der me hanka inn ganske bra premiar. Me var då fire brør som spelte fele i lag, noko folk likte. Det var som gratis reklame, mimrar Jostein.

Jostein Fet 2

Krigen kom til Noreg då Jostein var 15 år. Fordelen ved å bu på landet var at ein ikkje merka så mykje til krigen, som i byane.
– Krigstida var i grunn ei stille tid hjå oss. I matvegen klarte oss fint då me dyrka det me trong, sjølv om kornet vart grønt. Me fekk i all hemmelegheit malt det på dei gamle kvernene. Så hadde me høns, som hjelpte mykje på. Det eg huskar best var aprildagane i 1940, då eit tysk bombefly vart skoten ned av canadiske fly, slik at det måtte nødlande, og byrja å brenne. Fleire omkom, men to overlevde og rømte til skogs, skildrar han.

Jostein fortel at jakta på dei to rømlingane var spennande. Dagen etterpå blei dei funne på veg ut mot havet, sikkert i håp om å bli berga av tyske krigsskip, trur han.

– Kvar dei enda opp veit eg ikkje, men eg tippar at dei blei sendt til England.

Bonden og boka

Jostein kan fylgje ætta si heilt bak til 1500 talet. Han fortel at tradisjonen som fylgde med garden var bestemmande for forskingsinteressa hans.
– Bøndene sitt litterære liv er kjernen i forskinga. Det starta med at eg undra meg over kvifor det rådde ei oppfatninga om at bøndene var uvitande og tilbakeståande. I læreverk og leksikon stod det at folk på landet ikkje lærte å lese eller skrive før langt utpå 1800-talet.

–”Kva for nokon puslingar er det? Det heitar jo barnebarns barn”

Jostein stussa over dette. Hans erfaring frå bygdemiljøet var at bøndene kanskje ikkje var så lærte i vitskap og filosofi som overklassen, men at dei hadde ein anna type kunnskap som var ukjend for overklassen. Til dømes kunne dei mykje om jordbruk og naturen.
– På leit etter bøker byrja eg å studere arveskifteprotokollane blant bøndene. Det viste seg at dei hadde mykje meir bøker på 1600-talet, enn ein fyrst trudde.

Boka til Jostein, ”Lesande bønder”, endra historia om bøndene sitt litterære liv. Den kom ut i 1995, då forfattaren sjølv var 71 år.                                          – Det har vore ein seigliva prosess å bli kvitt fordommane om at bøndene var nærmast analfabetar i lengre tid, fortel Jostein.

Jostein Fet 4

Bonden og blekket

Gjenstandane eller papiret som folk skreiv på for fleire hundre år sidan er vekke. Derfor såg Jostein heller etter skribling i gamle bøker. Der det var ledig plass skreiv ein gjerne inn eit gudsord eller namnet sitt med penn og blekk. Slik kunne han bevise at folk flest kunne også skrive lenge før antatt.

– Ord og setningar kunne eg sikkert funne i fleire bøker, men penn og blekk var vanskeleg å få tak i for dei fleste bønder.

Dette beskriv Jostein i den absolutt siste boka hans, som skal komme ut i juni. Det er eit verk på over 500 sider, med namnet ”Den gløymde litteraturen”.
– Den summerer på ein måte opp heile forskingsinnsatsen min. Boka går tilbake til ei anna undersøking eg hadde i 1978, der eg sendte brev rundt om kring til gardsbruk i lokalområdet og spurte om dei hadde bøker med innskrift frå før 1840, forklarar Jostein.

– Det har vore ein seigliva prosess å bli kvitt fordommane om at bøndene var nærmast analfabetar.

Slik fekk han inn mykje materiale som gjev eit godt bilete av kva folk las og interesserte seg for på den tida. Den religiøse litteraturen var den viktigaste. Han fortel at bøndene såg på gudsordbøkene som ein veg til himmelen. Jostein samanliknar bøndene sitt syn på gudsordbøker, med korleis muslimane ser på Koranen.

– Det er mange likskapspunkt mellom muslimsk tenkjemåte, og den som ein finn blant bøndene på landsbygda for om lag 400 år sidan. Levesettet er heilt annleis, men ein kan samanlikne kva dei radikale gruppene gjer, med det den kristne kyrkja gjorde på 1600-talet. Som til dømes heksebrenning, meiner Jostein.

Kongeleg oppmuntring

Då han blei leiar for folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal var han ikkje sein med å setje i gang å skrive ei bok om folkemusikken i området. Fram til 90-talet trudde ein at Møre og Romsdal var ein mørk plett på folkemusikk-kartet, men dette snudde forskaren opp ned på.
– Møre og Romsdal var visst ein av dei rikaste områda i landet, med 40 000 melodiar på folkemusikkarkivet. Det er eg veldig glad for at me har fått bevist, humrar Jostein.

Alle publikasjonar og bøker Jostein har skrive, har han skrive på nynorsk.

– Nynorsk er eit fantastisk språk som er utruleg presist!

For denne mannen betyr nynorsk alt, og i 1999 blei han tildelt målprisen av Sunnmøre Mållag, for framifrå nynorsk både i skrift og tale, samt Sunnmørspostens kulturpris i 2006.

– Eg må skrive nynorsk for i det heile tatt å få fram mine tankar og problemstillingar. Nynorsk er det beste reiskapen eg har, seier han bestemt.

– Me var då fire brør som spelte fele i lag, noko folk likte. Det var som gratis reklame.

Då Jostein var 80 fekk han Kongens Fortenestemedalje i Gull. Dette vart ei oppmoding for han å halde fram med arbeidet sitt.
– Ja det var heilt uventa, mimra Jostein.
– Eg var på besøk til dottera vår som bur med mannen sin i Stockholm. Eg hadde skaffa meg eit mobilapparat på den tid, og då ringte ein kollega av meg og gav meg beskjeden, fortel han.
Jostein var på slottet og tok imot medaljen av Kong Harald, som i følgje han sjølv var ein ”utruleg koseleg kar”.

Puslete oldebarn

Jostein møtte kona si Ella på studentmållaget i Oslo då dei studerte. Paret som enda opp å gifte seg då ho var 26 og han var 30, har fått ein gut og ei jente. Familien har auka med to barnebarn, og etterkvart har ekteparet fått tre oldeborn.
– Det er oldeborn det heitar i dag, men då det byrja å kome inn, huskar eg at nokon skriev i avisene: ”Kva for nokon puslingar er det? Det heitar jo barnebarns barn,” ler Jostein.

– Nynorsk er alt. Er det ikkje det ein seier?

Då Jostein kjem frå ein storfamilie, meiner han at etterslekta kanskje ikkje er så stor, men han er i alle fall veldig begeistra for den han har. Han tykkjer særlig at oldebarna som er mellom eitt og åtte år, er utruleg interessante å betrakte.
– Dei er innstilt på å lære alle moglege ting! Men for ein gamal mann som meg er det litt travelt å leike med dei, då ein må ned på golvet, og det er ikkje så lett med stive bein.
Han smilar vemodig.

– Du er din eigen herre

At han enda opp med å bli norsk litteraturhistorikar og litteratursosiolog var ikkje sjølvsagt.
– I 1947 var eg i Geiranger, der eg sat på med ein Sedan. Eg hadde lyst til å studere humanistiske fag og bli lektor i norsk, men det måtte eg ikkje finne på, sa sjåføren. Han var sjølv utdanna lektor, og rådde meg frå det. Det var veldig vanskelig å få ein slik stilling rett etter krigen, fortel 90-åringen.

Jostein Fet 3

Det enda opp med at Jostein fekk ein god artium og søkte på tannlegehøgskulen, då det var eit sikkert levebrød. Der gjekk han i eit og eit halv år, fram til han ein kveld låg i senga og tenkte på at han ikkje trivst med studiane.

– Ein er sin eigen herre og du bestemmer sjølv di eiga skjebne, tenkte eg. Dagen etter reiste eg til universitetet og orienterte meg. Det enda med at eg byrja å studere filologi. Då hadde det og lysna for filologien, men eg synst at eg hadde kasta vekk for mykje tid, så eg forserte studiet ganske hardt, humrar Jostein.

read more: