Uncategorized

– Garborg gir seg sjølv rolla som Den bortkomne sonen

  – Garborg er ein ulukkeleg religiøs mann. Han har ei religiøs uro i seg som han omskaper til litteratur. Eg er ikkje einig med Garborg i alt, men eg er fascinert av Garborgs intensitet og det at han tek religionen på alvor. Her er han forbilledleg, seier Jan Inge Sørbø.

Medan tidlegare biografiar har tolka Garborgs tekstar ved å vise til at meininga i dei ligg i at dei viser tilbake til i Garborgs eige liv, hevdar Sørbø at ein bør snu rekkefylgja. Medan tidlegare biografar har gått frå diktinga til livet, går han i sin nye biografi om Arne Garborg «Frå bleike myr til alveland,» frå eit oppdikta liv til dikting, og frå diktinga tilbake til livet.

Men det første Garborg skaper er ikkje litteratur. Han skaper si eiga livsfortolking. Og i den gir Garborg seg sjølv rolla som Den bortkomne sonen. Men det er ikkje berre han som er bortkommen. Det er også Faderen. Det som rammar Garborg er ei fortviling over å heile tida måtte omskape seg sjølv, av at ingenting er ferdig, meiner Sørbø.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist. Han debuterte med “Lågt skydekke” i 1986. Han har også skrive fleire kritikarroste biografiar. Sørbø er professor ved institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. No er han aktuell med ein ny biografi om Arne Garborg. Den siste Garborg- biografien kom for 20 år sidan.

I boka si viser Sørbø til ei undervurdert side ved Garborg; det religiøse arbeidet hans. På slutten av livet gav Garborg ut si eiga Jesus- bok kalla » Jesus Messias.» Her sluttfører Garborg arbeidet med religionen, meiner Sørbø.

Garborg går attende til Bibelen, les evangelia sjølv på eiga hand og lagar si eiga fortolking som han kan leva med, seier Sørbø.
Dette er ei viktig side ved Arne Garborg, men ikkje den einaste. Det er kanskje difor Sørbø startar biografien sin med å fortelje ei likning om den unge Arne Garborg?

Arne

– Du begynner boka di med felemusikken?

Og det er når me er komne dit, at Sørbø begynner å fortelje om den 19- årige felemusikaren Arne. Ungguten som ein dag, medan han er heimanfrå og student på Holt seminar i Tvedestrand, får tilsendt eit brev med svart segl. Han som ikkje greier å gjere noko anna enn å spele.
Arne går aleine på naborommet og spelar så vilt på fela si at venene hans må tilkallar lærar Arnesen for å få guten i tale. Ein Arne som spelar så vilt at det drypp sveitte og blod frå fingrane hans. Ein Arne som rekker lærar Arnesen eit brev der det står skrive: «Eivind Garborg er død. Han endte livet for eiga hand.»

Faren Eivind hadde hengt seg i løa. Sonen Arne svarer med å spele fele. I boka si stiller Sørbø spørsmål ved kva Arne spelte etter å ha motteke brevet frå prosten. Han undrar seg mellom anna over om dei første strofene til Haugtussa vart til her.

– Men ingen veit i dag kva Arne spelte desse timane på Holt? 

– Nei, det er det ingen i dag som veit, men Garborg var ein habil folkemusikar. Noko av det første han gjorde då han kom til Holt, var å skaffe seg ei fele. Arne hadde tidlegare hatt ei fele som forsvann.

Grunnen til at fela vart borte, skyldtes faren Eivind si omvending til pietismen. Sørbø tenkjer høgt. Han peiker på at det var mange reglar i pietismen som ikkje har bakgrunn i Bibelen. I pietistmiljøet på 1800- talet vart fela kalla djevelens instrument.

– Det var jo noko pietistane gjorde på denne tida; at dei knuste sine eigne feler etter at dei vart omvendt. Bygdetradisjonen med felespel hadde ein del ingredienser knytt til for mykje brennevin og den slags som pietistane ikkje kunne akseptere. I Boka «Gamalt frå Setesdalen» bygd på historier frå denne tida, beskriv ein mellom anna kor mange som vart drepne på danseførestillingane. Alkohol og folkemusikk var tett knytt saman. Folk slutta å spele fele når dei vart omvend. Det gjorde at pietismen i stor grad avgrensa folkemusikken i nokre område av landet, seier Sørbø.

– Starten av romanen din, kan du fortelje korleis du kom fram til den?

– Eg ville gje eit skarpt bilete av Arne Garborg som menneske. Det som skjedde den dagen på Holt, har betyding for alt som skjer med han seinare. Ja, det var denne opninga eg skreiv først. Og då gjekk skrivinga lett, seier Sørbø.

Faren

Ein religiøs tyrann. Det kallar Sørbø faren, Eivind Garborg. Han praktiserte ein vekkingskristendom tufta på strenge reguleringar og straff, men det var også eit sterkt element av sinnsliding i det. Mellom anna vart heilt vanlege ting forbode, som å drikke kaffi som ikkje var dyrka fram på Jæren.

Eivind tok borna ut av skulen og underviste dei sjølv. Borna måtte lese oppbyggelig litteratur og lytte til timeslange andakter, men Arne ville heller spele fele og lese romanar. Sjukdommen til faren utvikla seg over ein tiårs-periode, frå Arne var 8- 9 år til han flytta frå heimen.  På slutten av livet forsvann faren meir og meir inn i si eiga verd. I boka si fortel Sørbø om korleis faren begynte å knipse med fingrane og lage ubegripelige teikn med hendene, eller som den gongen faren vart borte for dei og dei til slutt fann han igjen aleine og forkommen i toppetasjen av huset, for no var han begynt å stå på hovudet på loftet.         

Etter å ha skildra Felespelet hans på Holt, går du rett på å fortelje om faren Eivind

– Ja, og det gjer eg fordi Arne Garborgs forhold til faren er det motivet som pregar han mest som forfattar. Om du ser på titlane på bøkene hans, som til dømes “Den burtkomne Faderen” og “Heimkomin son,» så er det lett å få auge på det. Dette var også noko Garborg skreiv mykje om sjølv. Hulda skriv også at forholdet til faren er hovudmotivet i livet til Arne Garborg.

– Kva med Bibelen, er den også viktig? 

– Ja, han dreg likninga om Den bortkomne son og anvender den på sitt eige liv. Han er Den bortkomne sonen. Men også faren er bortkommen. Og så veksler det mellom om det er faren hans som er Den bortkomne Faderen, eller om det altså er Gud som er Den bortkomne Faderen.

Du skriv i boka di at faren skulda seg sjølv for å ha gjort ei utilgiveleg synd?

– Ja, han skulda seg sjølv for å ha utført dødssynda, den det ikkje finnes tilgjeving for. I pietismen på 1800- talet snakka ein om ei utilgjeveleg synd, så det var ei lære som fanst på den tida. Men i brevform skriv broren Jon til Arne, at dei ikkje greier å finne svaret på kva faren sjølv meinte han hadde gjort for å gjere seg skuldig til evig pine.

Medan far til Arne bebreida seg sjølv, skulle Arne kome til å bebreide seg sjølv for farens død. Då Arne som femten- åring fortalte faren at han hadde andre planer enn å drive garden vidare, hadde faren tatt det tungt. Arne skildrar faren indirekte slik: «Han hadde teki det på galin måte; hadde drivi meg frå seg. Eller synda mot Gud, so der ikkje var tilgjeving for det.»

– Blir Arne Den bortkomne sonen som aldri har ein heim å kome heim til fordi faren er borte, men som også gir seg sjølv skulda for at Faren er bortkommen?

Det er nok ei livstolkning han skaper seg. Han har svikta si primære plikt i livet som var å føre odelen vidare. Det er det han brukar som hovudforklaring på at det gjekk galt med faren til slutt. Han fordømde seg sjølv ut frå høge ideal. Det er jo enormt myke liding knytt til ideal. Heile forutsetjinga for ein slik tankegang er at du er misnøgd med den du er. Dette er jo eit stort samfunnsproblem også i dag. Tenk berre på unge jenter som går igjennom ein masse kirurgi for å bli noko anna enn dei faktisk er, seier han.

– Det blir ei rolle han må kjempe imot i heile sitt liv?

– Det er ein slags uro der som forfølgjer Garborg gjennom heile livet. Du kan jo kalle det det du vil, men det er jo faren, ikkje sant? Det er jo eit traume. Det plager han heile tida, slik at han ikkje får fred og må ta det fram igjen og igjen. Då Garborg fekk sin eigen son, gjekk han igjennom nokre voldsame kriser. Han blir redd for å bli som far sin. Det same hendte då Garborg vart trettiåtte år, når han er like gammal som då faren vart gal. Og året etter at han er på same alder som då faren døde, skriv han til Hulda “I fjor var jeg jo sinnssyk.” Det same skriv Hulda. Ho skriv at alt han seier og gjer i slike periodar, er prega av eit paranoid mønster, og at Garborg innbilte seg at alle var ute etter han.

I boka si viser Sørbø til Kierkegaard, som i Enten- Eller skriv om eit torturinstrument frå antikken som er laga slik at skrika til offeret strøymer ut av apparatet. Ikkje som eit skrik, men som ein song. Kierkegaard samanliknar diktaren med eit offer som omskaper sin eigen smerte til vakker song medan publikum ropar: “Syng meir!” Ein romantisk tanke, meiner Sørbø, men ikkje ei umogleg forklaring når det gjeld Arne Garborg si dikting.

– Det er noko med Garborg sin situasjon. Det er noko i livet hans som han må vekk ifrå fordi det er så smertefullt. Då må han skape seg sjølv om igjen, og difor går han inn i veldig tydelege roller som intellektuell. Der liknar han på Kierkegaard, som heile tida skaper og går inn i nye roller i litteraturen sin. Garborg skriv som om han er den eine og den andre, og han må heile tida skape seg nye roller.

Barndomsidyll  

Mykje av det me i dag veit om Arne Garborgs barndom, skriv seg direkte frå Garborg sjølv. Mykje er samla i «Knudahei- brev,» ei sjølvbiografisk bok Garborg skreiv om sitt eige liv.

– Det er jo ein masse idyll i dette barndomsriket til Garborg. Han beskriv barndommen som lukkeleg, inntil faren vart sjuk. Garborg- garden var ein storgard på Jæren som bestod av fem gardsbruk med tilhøyrande familiar. Det var ein landsby, der det budde omlag femti- seksti menneske. Det var drenger og tenestejenter og eit godt kollektivt liv med mange barneleikar og eit tett samhald. Det samhaldet var godt å ha når faren vart sjuk. Dei trådte til og hjelpte kvarandre. Det var ei heilt anna tid, før det moderne landbruket tok over. Det var høy- hopping i løa og barnelatter i fjøset, men også mykje jobb. Me får glimt av denne idyllen både i Haugtussa og romanen Fred, seier Sørbø.

Men sjukdommen til faren skulle bli verre, og gjekk etter kvart over i reint tyranni.
– I dag hadde barnevernet stoppa Eivind Garborg, men på 1800- talet var det inga hjelp å få. Arne beskreiv mora som ein helt. Ho måtte berre gå imellom og forsøke å gjere sitt beste der ho kunne. Ho greidde å samle borna omkring seg, og ho koka kaffi til dei når faren var vekke og slike ting. Garborg var eldst, mens nummer to var atten og nummer tre var 17.

– I biografien din påstår du at Garborg ikkje var skuld i farens sjølvmord?

– Ja, eg meiner det var andre årsaker som fekk faren til å ta livet sitt, svarer Sørbø.

Rolv Thesen har skrive eit tre-bindsverk om Arne Garborg som blir sett på som det viktigaste. Thesen legg vekt på å presentere det komplekse i gåta rundt sjølvmord.

I boka si viser Sørbø til tre forklaringar som er blitt brukt for å forklare sjølvmordet til faren. Den eine forklaringa har vore at Arne sa i frå seg odelen, den andre er tapet av ei kvernhussak som ramma faren, og den tredje er den psykologisk- religiøse tilstanden Eivind var i før han tok livet sitt. Medan biografar før han har lagt vekt på det gåtefulle i hendinga, meiner Sørbø tapet i kvernhussaka i retten er den historiske forklaringa på sjølvmordet til faren.

Det heile dreidde seg om ein dam Eivind hadde bygd ut som skulle gi vatn til kverna på garden. Men utbygginga førte til at naboane fikk mindre vatn i ein annan dam, og det var dei som gjekk til rettssak mot Eivind.

Sørbø viser til det komplekse forholdet mellom Eivind og hans eigen far, Arnes farfar, for å forklare kvifor Eivind tok tapet i retten så tungt. Aadne Garborg, Eivinds far, hadde døydd tre år tidlegare. No låg alt på Eivind og Garborg- garden var ein gammal storgard som hadde gått i arv i fleire hundre år, frå den eine generasjonen til den neste. Aadne hadde vore ein framgangsrik og rettferdig bonde, og hadde tinglyst at vatnet i kverna skulle delast likt og rettferdig. No felte tinglysinga til Faren Eivind.

Sørbø meiner gamle bygdeskrifter frå Jæren tyder på at Eivind tok dommen svært tungt.
– Handlemåten til faren viser at Arne ikkje var skuld i farens sjølvmord. Etter tapet i retten gjekk ikkje faren konkurs, men valde likevel å selje garden fordi han kjente på skuld og skam over å ha trassa sin eigen far. Naboane sa at Eivind tok tapet i retten tungt. Fleire naboar forsøkte å overtale han til å bli buande, men då hadde han allereie kjøpt ein ny gard. Dit kom han seg aldri. Same år som den siste dommen i kvernhussaka fell, tek han livet sitt. Men kvifor kjøpte Eivind ein ny gard, om han tenkte at det ikkje var noko vits i å drive garden vidare? Då Arne gav i frå seg odelsretten, var det fleire av syskena hans som var gamle nok til å ta over. Det gjorde dei også, men etter at faren var død. Dei hjelpte mora med å drive den nye garden vidare. Men Arne tok på seg all skuld for farens død.

Bøkene

Det som er heilt spesielt hos Garborg, er at han var god over heile fjøla. Han har kanskje 1800-talets beste roman, «Fred,» det beste essayet- “Hanna Winsnes kogebok” og den beste diktsamlinga «Haugtussa», seier Sørbø.

– Tek Garborg erfaringar frå historia om faren Eivind inn i bøkene sine?

– Det er jo eit materiale som Garborg har og som han greier å skape litteratur av. Enok i Fred bygger direkte på farens sjølvmord. Han fekk syskena sine til å fortelje alt dei hugsa om faren. Sjølv om Garborg meinte at den pietistiske kristendommen som faren høyrde til var skadeleg, så er han i romanen tvetydig. Det finnes friske pietistar rundt Enok som prøver å få han vekk frå religiøs grubling og helvetestankar. Her skil Garborg mellom sjukdommen og religionen. Det var sunne, friske folk med godt skjønn blant pietistane også sjølvsagt, og dei hjelpte til så godt som dei kunne der dei hadde moglegheita, seier han.

Du kallar boka «Fred» ei tragedie?

– Ja, Enok fell til slutt, i det han tek livet sitt og druknar seg i elva. Det er ei fæl bok å lese, men det blir aldri uuthaldeleg fordi det er to persongalleri i teksten, som vi også finn hos Shakespeare. Eit nivå er bøndene og eit nivå er fantane. Altså to sosiale lag som spelar mot kvarandre. Dei som gjer handlinga leseleg, er fantane. Det gjer at det ikkje bikkar over. Du hadde ikkje greidd å lese boka om du skulle vere inne i hovudet til Enok i heile romanen. Så han tek slike små smett ut. Enok vil vere ein god kristen og hjelpe fantane, men blir i staden rundlurt. Dei stel sølvtøyet hans. Og det Enok finn på er nokre gonger så gale at ein av og til berre må le av heile greia. Så lesaren held ut på grunn av humoren, seier Sørbø. Han viser og til psykiater Trond Aarre som mellom anna seier at ingen journalar gir så påliteleg informasjon om ein sjukdomstilstand som det romanen Fred gjer. Aarre kallar sjukdommen manisk- depressiv psykose.

– Garborg skriv at Enok er djupt fortvila og ropar etter Gud etter å ha vore i kvernhuset sitt?

– Ja, det er eit kvernhus i Fred også, og her spelar Garborg på faren Eivinds historie om kvernhussaka.

– Du beskriv mellom anna korleis Enok blir skremt over å vere i kvernhuset, at han er fortvila og på veg heim. På heimvegen er det mellom anna ei scene der han gret etter Far/ Gud?

– Ja. Og han får jo ikkje noko svar, seier Sørbø.

Enok i Fred er ein prototype på ein religiøs tyrann. Han er kledd i skinnklede, som Adam og Eva i Bibelen. Han forbyr kaffi. Ja, han forbyr til og med familien å le, for “Jesus log aldri,” som han seier. Men Enok blir så fortvila over all helvetes- grublinga si at han til slutt ender med å ta sin død av det. Romanen sluttar med at Enok fyller bukselommene sine med stein og druknar seg i elva. Det blir likevel eit lys der igjen, meiner Sørbø.
– Han skildrar den fine, milde vår-vinden som kjem inn over vatnet etter at Enok har gått under, og han avsluttar med setninga “og det sutla og skvala, koseleg og smått, sutla, skvala… sutla… skvala.”

– Har Enok Hove helvetesangst?

– Ja, ei av Enoks store anfektelser er at han har gjort synda mot den heilage ande, den som det ikkje finnes tilgjeving for. Tanken på det er noko som har spøkt i mange sin bevissthet. Det står jo i Bibelen. Der referer jo Garborg ein verkeleg diskusjon i teologien på den tida. Pietistane var harde på at du burde omvende deg, for om du ikkje omvende deg så kunne det jo hende at du gjorde synda mot Den heilage ande.

– Men Enok slit med å omvende seg?

– Ja, han blir jo omvendt til slutt, men det er ein kamp for Enok. Han blir mellom anna bedt i eit bryllaup og då må han jo drikke alkohol, så han må vente med å omvende seg til etter bryllaupet.

Enok fell, men kva skjer med Veslemøy i Haugtussa?

– Veslemøy i Haugtussa blir løysinga på den religiøse grublinga for Garborg. Garborg sjølv kan ikkje gå inn og få eit positivt forhold til tradisjonell kristendom sjølv, men det kan Veslemøy. Ho lever i det gamle kristne før-moderne universet. Haugtussa er det mest leste diktverket frå 1800- talet. I Haugtussa har Garborg funne det nynorske språket med alle sine språklege ressursar som var fulle av gjeng- gløymd barndom. Og han er jo felespelar. I Haugtussa greier han å finne ei musikalsk form. Ja, Grieg seier jo at han skreiv musikken ned på ein augneblink etter å ha fått teksten. Alt var ferdig, på ein måte. Og i tillegg til det, så skaper Garborg ei historie der han greier å bruke religionen på ein fri måte.

– Er det ein slags nostalgi der hos Garborg?

– Ja, det er ein nostalgi hos Garborg. Ho er før- moderne. Tenk å få tru så enkelt og uproblematisk som det Veslemøy gjer. Eg har jo kalla det kapitlet for “Be for oss, Veslemøy.” Eg spelar på “Be for oss, Maria.” Veslemøy blir så og seie Garborgs vikarierande trus-helt. Men Garborg sjølv, han kan ikkje tru på den gamle måten. Men Veslemøy, ho kan tru.

– Men alle personane i Garborg sitt forfattarskap er vel ikkje gale?

– Nei, det er berre ein person som er definitivt sinnslidande og det er nok Enok Hove i Fred. Men vi kjem inn i ei verd der folk opplever kriser rett som det er. Gabriel Gram i «Trætte Mend» er til dømes ein shaky type. Då ein nær venn av han tek sitt eige liv, må Gabriel flytte inn på hotell fordi han er redd for å vere åleine og må ha folk rundt seg heile tida.

– Var Arne Garborg psykisk sjuk?

– Det er klart at det blir vanskelig å gje han ei diagnose på etterskot, men han hadde psykiske svingingar som minner om det me i dag kallar bi-polaritet. Han sleit med svevnlause, sjølvmordstankar og vart stadig dratt mot det depressive. Men Garborg hadde også ei anna side. Han var ein kjempefin humorist når han var opplagt. Garborg hadde vener som stod han nær heile livet. Han var ikkje åleine og hadde mange fans. Jobben trur eg var hans beste medisin. Og så gjekk han veldig mykje. Han gjekk mykje i fjella når han var på hytta i Kolbotn. Han hadde gode bein og god kondisjon. Det trur eg var ein ressurs. Men han hadde eit krevande liv.

Sørbø sjølv kjem frå Ryfylke. Han vaks opp i eit levande bedehusmiljø. Foreldra var misjonssambandsfolk. Sørbø har vore aktiv i kristne miljø sjølv sidan gymnastida, særleg i skulelaget.

– Garborg hadde bakgrunn frå eit pietistisk miljø. Det har du også. Har det vore viktig for deg i biografien om Arne Garborg? 

Det Garborg skriv om, er ikkje er ei lukka verd for meg. Så ja- eg trur det er ein fordel. For andre som ikkje har noko kjennskap til pietismen, er det som å skrive om noko som er tatt frå ein annan planet. Ein kan ikkje utelate religionen frå vurderinga når ein skal forstå Garborg. Ein kan ikkje lese Garborg på den kulturradikale måten, som at Garborg meiner at religion er noko herk som må avskaffast. Garborg er langt meir nyansert enn som så.

– Kvifor greier aldri Garborg å tru på den tradisjonelle fortapingslæra som fanst på den tida?

– Å tru på evig fortaping blir umogleg for Garborg, for då må han jo tru at faren er komen i helvetet fordi han tok sitt eige liv. Det var vanleg tankegang då, svarer Sørbø.

– Kva tenkjer du sjølv om evig fortaping?

Synet på evig fortaping har eg grubla mykje over, særleg i ungdommen. Etter kvart har eg kome til at det er vanskeleg å halda fast på ei førestilling om at nokre skal pinast i all æve fordi dei tok feil i jordelivet. Meininga med desse tekstane må vera  noko anna: Ta dykk i vare for det vonde! Og eit anna poeng: I religiøs erkjenning kjem ein alltid til eit punkt der ein innser at ein er «fortapt», ute av stand til å finna Gud og finna avklaring. Dette er eit stadium i erkjenninga. Min refleksjon i dag er at det er desse poenga som er viktige, ikkje tanken på ei uendeleg straff.

Sørbø meiner det er viktig å skilje mellom dagens pietisme og 1800- talets pietisme.

– Dei pietistiske miljøa som finnes i dag, er ikkje dei same som dei pietistiske miljøa som fanst på Garborg si tid. Dei kjente pietistiske forboda som fanst før, som forbod mot dans, søndagsarbeid, sminke og den slags, finnes ikkje lenger. Enok Hove ville for eksempel aldri sett på TV, seier Sørbø og ler.

– Trur du pietistar i dag kan lære noko av å lese Arne Garborg?

– Eg trur absolutt dei kan lære noko av å lese Arne Garborg for å finne sin plass i offentlegheita i vår tid, svarer Sørbø.

Jesus Messias

Sørbø meiner Garborg i stor grad er blitt gløymt i kyrkjehistoria. Han vart ikkje betrakta som teolog, men som diktar. Den siste boka han skreiv blei likevel «Jesus Messias.»

– Kva slags Jesus- bilete teiknar Arne Garborg i «Jesus Messias»?

– Garborg var influert av tyske og franske teologar i samtida. Han bygger i Jesus Messias på to moment ved Jesu person. Det eine er at han avviser biletet av Gud som ein streng dommar. Faderen blir i staden den som tek i mot Den fortapte sonen utan eit einaste kritisk spørsmål. Det andre er at Jesus sjølv ikkje er Gud, men ein lærar. Jesus er ikkje Guds son, men ein lærar som skal lære oss at gudsriket vil bli realisert i det jordiske om me elskar nesten og gjer det gode.

– Korleis vart han motteke i samtida då han gav ut Jesus Messias?

– Det vart ein stor debatt i kyrkja då boka kom ut. Ein av dei som reagerte sterkast var Peter Hognestad, ein av dei tre som stod bak nynorsk salmebok. Hognestad kom fra Hognestad-garden, nabogarden til Garborg-garden. Difor var folka på Hognestad veldig opptatt av det Garborg meinte og sa. Hognestad vart seinare biskop. Han sa at han gråt av sorg då han leste Garborg si bok fordi Garborg tok avstand frå heile kyrkjas dogmatikk. Garborg svarte på kritikken frå kyrkjas menn ved å gje ut ei ny bok i brevform, kalla “Den bortkomne messias.” Der beteikner han den kyrkjelege teologien løgn.

Sørbø viser til at Garborg i «Jesus Messias» analyserer tekstane i Det nye testamentet, men konkluderer med at det er Djevelen som skal bli fortapt og ikkje menneska.
– Det er eit imponerande arbeid Garborg gjer her, anten ein er einig med han eller ikkje. Han har satt seg godt inn i den teologiske diskusjonen i samtida og drøfter dei viktigaste teologiske spørsmåla som vart diskutert på den tida, seier Sørbø.

I «Den bortkomne messias» går han enda lenger.
– Her kallar han kyrkja for “Den rette anti- Krist,” akkurat som Nietzche gjorde. Her viser Garborg at han ikkje ville ha ei kyrkje som romma ulike syn, slik som mange i kyrkja i dag vil ha. Nei, Garborg hadde inga forståing for samtidas teologi. Han meinte at han stod for det einaste rette og så og seie hadde funne den rette versjonen av Jesus.

Men etter ei stund stilna kritikken mot Garborg. Då han var 70 år blei han feira med eit stort møte på bedehuset på Bryne. På slutten av møtet bad presten ei bøn og avslutta med å takke Gud for Arne Garborg.

– Dei feira ikkje meg, men dei feira eit bilete av meg som dei hadde laga sjølv, sa Garborg då. Han meinte at han hadde sagt klart i frå kva han meinte, men at dei ikkje hadde tatt han på alvor, seier Sørbø.

– Kva tenkjer Garborg om livet etter døden?

– Det er vanskelig å seie kva han trur om livet etter døden. Det han skriv i «Jesus Messias» er ein annan type kristendom, med ein meir rasjonalistisk bruk av bibeltekstane. Men i Haugtussa får han bruk for den mytiske dimensjonen i kristendommen. I Haugtussa set han den til gjengjeld ut i full breidde, ved å ta utgangspunkt i den gamle nedstigningsformelen, ein forteljingsform som er fundamentalt knytt til Kristus som dør og blir gravlagt på den tredje dag. Haugtussa blir løysinga for Garborg. Ho går ned i underverda, men stig opp igjen som Veslemøy og blir befridd til slutt. Haugtussa var på ein måte Garborgs lukkelege augneblink på jord, seier Sørbø.

read more: