Featurereportasje·Reportasje

– Vil kjempe for barn og unge

13. oktober tek Lena Landsverk Sande over ordførarjobben i Vanylven, og blir samtidig historisk som den første kvinnelege ordføraren i kommuna. Eg vil kjempe for barn og unge, seier den nye ordføraren.

I Vanylven har Lena Landsverk Sande sin siste arbeidsdag ved det lokale NAV-kontoret i kommunen. Dei tilsette har samla seg til avskjedsfest for den nye ordføraren, og latteren sitt laust rundt bordet. Komplementa frå kollegaene er det også mange av.

– Eg trur ho Lena blir ein god ordførar. Eg trur ho har mange gode eigenskapar som egnar seg godt til jobben, ho er strukturert, lojal og imøtekomande. Ho kom i alle fall inn som eit friskt pust her, seier Ingrid Emblem Nystøyl leiar i NAV Vanylven.

Ingrid Emblem Nystøyl leiar i NAV Vanylven, trur Landsverk Sande blir ein god ordførar.

Ingrid Emblem Nystøyl leiar i NAV Vanylven, trur Landsverk Sande blir ein god ordførar.

Klar for nye utfordringar

Berre eit steinkast frå den gamle arbeidsplassen skal ho no ta fatt på nye utfordringar.

Kontoret er rett borti gangen her, så eg veit eg kan kome innom når som helst, og det kjem eg nok til å gjere. Det blir ein stor forskjell mellom dei to jobbane, men det som er så bra med Nav er at ein får tett kontakt med folk, og det håpar eg det blir mykje av i ordførarjobben også, seier Landsverk Sande.

Til trass for at ho berre har jobba ved NAV i to månadar, har den 46 år gamle ordføraren brei erfaring både frå kommunal drift og skulesektoren, der ho både har jobba som rektor og lærar.

Eg trur ordførarjobben blir noko heilt anna enn dei jobbane eg har hatt tidligare, men eg har vore i politikken ein del år, og veit kva det handlar om. Eg trur også at dei andre jobbane eg har hatt har gitt meg erfaringar som er gode å ha med seg inn i ein slik jobb, seier ho.

Barn og unge er hjertesakene

Ved NAV-kontoret i Vanylven held Landsverk Sande på å avslutte sin siste arbeidsdag. Og med det byrjar ho å førebu seg for nye utfordringar som ordførar i Vanylven.

  Eg er førebudd på at det blir tøffe tider og mange krevjande saker. Blant anna er auken i oppseiingar og permitteringar innanfor den maritime bransjen utfordrande akkurat no.

– I tillegg blir realiseringa av Rovdefjordsambandet ei viktig sak, seier ho.

Det er likevel nokre saker den nye ordføraren vil kjempe ekstra hardt for. Hennar store hjertesak er barn og unge, og Landsverk Sande seier ho vil kjempe for at alle ungdomar skal få eit godt oppvekstmiljø i Vanylven.

Ho vil at barn og unge som slit med familieproblem og sosiale eller psykiske vanskar skal få hjelp der dei er.

Lærarane i kommunen gjer ein fantastisk jobb, men dei er pedagogar og eg meiner dei skal få lov til å vere det. Derfor vil eg ha fleire yrkesgrupper inn i skulen. Det kan vere helsesøster, sosionomar eller psykologar. Det skal ikkje vere nødvendig at elevane må ta seg fri ein heil dag frå skulen for å for eksempel reise til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), seier Landsverk Sande.

intervju kontoret.jpgny

Den første kvinnelege ordføraren i Vanylven

Men Lena Landsverk Sande er ikkje berre den nye ordføraren i Vanylven, ho er også den første kvinnelege ordførar i kommunen nokon gong. Ho trur likevel ikkje at kjønn var avgjerande for at ho fekk jobben.

Eg hadde lyst til å bli ordførar, og eg trur ikkje at eg blei valt fordi eg er kvinne. Eg trur eg vart valt fordi folk trur eg kan bli ein god ordførar og at eg har noko å bidra med, seier ho.

Også i kommunestyret har det blitt fleire kvinner etter haustens kommuneval.

  Vi har fått inn ni av tjueein, og det er det beste nokon gong. I tillegg har vi fått ned snittalderen på kommunestyremedlemmene. Eg trur det kan bidra til eit vidare fokus, meir variasjon i sakene og eit større engasjement.

Den nye ordføraren meiner likevel at det var på høg tid at Vanylven fekk ein kvinneleg ordførar. Ho trur det er fleire årsaker til at det aldri har vore ein kvinneleg ordførar i kommunen.

For det første må kvinnene vere villige til å stille øvst på lista. Eg trur nokre vegrar seg for å stille, medan andre trur at ein mann kan gjere ein betre jobb. Nokre gjer rett og slett andre prioriteringar, seier Landsverk Sande.

Men vi har hatt gode kvinnelege kandidatar i Vanylven tidligare, men dei har ikkje blitt stemt til topps, det er eit viktig poeng. Både kvinner og menn er nøydd til å stemme på dei kvinnelege kandidatane dersom dei skal bli stemt opp, og det trur eg Vanylvingane har skjønt etter kvart, held ho fram.

Partia må satse på kronprinsessene

Ingrid Guldvik jobbar ved Høgskulen i Lillehammer og har forska på kvinner i politikken. Ho fortel at talet på kvinner i toppposisjonar aukar, men at utviklinga går sakte.

  Det er kamp om dei øvste plassane på lista, særleg dei plassane som kan gi stor makt og innflyting i politikken. Tradisjonelt så er det ofte menn som vinn kampen om desse plassane. Talet kvinner aukar ikkje utan at dei politiske partia er bevisst på at dei vil legge til rette for at fleire kvinner skal vere med, seier ho

Partia må satse meir på kvinnene, meiner Guldvik.

Då tenker eg på det med å nominere kvinner på topp, og i konstitueringa etter valet. Her må ein fordele posisjonar mellom kvinner og menn, slik at kvinnene også får tydeleg posisjonar. Det hjelp ikkje å spørje ei kvinne like før valet om ho vil stille, det må satsast på kronprinsessene i partia over tid, seier ho.

Støtte frå familien er viktig

Støtte frå familien blir viktig, seier den nye ordføraren i Vanylven.

Støtte frå familien blir viktig, seier den nye ordføraren i Vanylven.

Heime på garden i Almklovdalen på Åheim held Landsverk Sande på å rydde av middagsbordet.

Som mor til fem barn i alderen 4 til 18 år, er det også ein kabal i forhold til familielivet som skal gå opp. Då blir samarbeid på heimebane avgjerande.

Det er klart at ektemannen min må ta meir ansvar heime, og han forstår at det vil krevje mykje av han, men han har alltid vore flink til å stille opp tidligare, så det trur eg går fint. Alle er innstilt på at eg skal ta denne jobben, og så lenge ektemannen min og dei andre rundt meg stiller opp, så går det bra.

Barna til Landsverk Sande synest det er kjekt at mora deira skal bli ordførar.

Eg trur det blir annleis, og at ho kanskje kjem til å vere meir opptatt, men eg synest også det er ganske kult. Det er fleire på skulen min som er litt sjalu, seier Reidar Sande (11).

Barna til Lena Landsverk Sande synest det er kjekt at ho skal bli ordførar.

Barna til Lena Landsverk Sande synest det er kjekt at ho skal bli ordførar.

Gler seg til å byrje

I sofaen sitt Landsverk Sande og smiler. Ho er spent og gler seg til å byrje i ordførarjobben.

Eg har ikkje heilt merka nervane enno, dei kjem vell meir når det nærmar seg den 13. Eg veit at eg har familien, vener, kollegaar og andre i dei ulike bygdelaga i Vanylven som støttar meg, og det varmar.

Eg veit det blir tøft, men eg gler meg veldig. Det bobler litt i magen, det gjer det, seier ho og ler.

Støtten frå familien blir viktig, seier Lena Landsverk Sande.

Støtten frå familien blir viktig, seier Lena Landsverk Sande.

read more: