Eldsjeler

mid13foto-2014-bjørnmagnus-andersen-nr3.jpg

Hør dokumentaren her:

Vaktmesteren

Tor Henning Andersen sitt avslappa på kjøkkenet i sin heim på Hareid. Han fortel at sidan 1990 har han ikkje våre i lønna arbeid på grunn av at han har den kronisk sjukdomen multippel sklerose (MS). På grunn av dette har han drevet med frivillig arbeid dei siste 25 åra.

Dei siste 10 åra har eg berre jobba frivillig med idrettslaget på Hareid. Alt frå å klippe graset på bana, koste og brøyte kunstgrasbana og legge til rette for kampar. Eg var også veldig aktiv i Norges Handikapforbund og MS foreninga i Ålesund før, men det blei for mykje for meg. No driv eg berre på i idrettslaget og det brukar eg heile mitt liv på, forteller Tor Henning.

IMG_8485
Tor Henning Andersen framfor pokalskapet til Hareid Idrettslag. (Foto: Malin Aurora Valkvæ)

Eg synast det er gøy å legge til rette for ungdomen, slik at dei kan gjere det dei har lyst til å holde på med. Ungdomen setter pris på kva eg gjer. 

– Du er også ein fotballdommar ved sida av alt det frivillige?

– Det driver eg med. Eg dømmer 70 til 80 kampar på ein sesong. Eg er skrudd sammen slik at eg ikkje klarer å sitte i ro. Det at eg er så aktiv er grunnen til at eg er så rask og frisk. 

– Du er frivillig engasjert for å glede andre, men også for å glede deg sjølv?

– Ja, det er for å glede andre og for at eg skal få vere med i sosiale kretser, samtidig som eg har noko å aktivisere meg med.

– Synast du at fleire burde drive med frivilligarbeid?

– Ja det burde dei absolutt. Ser du i ein idrettsorganisasjon så er det dei samme personane som ein ser opp att og opp att. Dei som har ungar i idrettslaget er ofte dei som er minst aktiv. I nærmiljøet her er det nok likt slik det er alle andre plassar. Det er samme foreldra som stiller til å kjøre til fotballkamp kvar gong. Når eit lag har 25 spelarar og det er nesten umuleg å få nokon til å stille opp for å vere oppmann og trenar viser berre det kor interessa ligger.

IMG_8511
Fotballtrening på kunstgrasbana på Hareid. (Foto: Malin Aurora Valkvæ)

– Ved å ha sjukdommen MS, korleis påvirkar det deg med å vere frivillig engasjert?

– Ja, det er klart at ein blir fort tappa for krefter. MS er ein kronisk nevrologisk sjukdom der nervebana blir skada. Så eg blir fort sliten og litt ustødig, men det går bra. Det er klart at eg ikkje blir frisk frå dette. Det er veldig viktig at eg er aktiv og trenar når ein har ein slik sjukdom. Om du sett deg ned og synst synd på deg sjølv er det fort at du stivner til. Det er ein alvorlig sjukdom så det er veldig viktig å holde seg i bevegelse. Eg har funne min måte for å ha noko å gjere.

IMG_8496
Kontoret til Tor Henning på Hareid sitt klubbhus. (Foto: Malin Aurora Valkvæ)

12704_10152143601340932_898857028_n.png

Studenten

Eg veit ikkje kva eg ville gjort utan frivillig arbeid og Studenthuset Rokken.

Tormod Smedsvig sitter på konferanserommet på Studenthuset Rokken i Volda. Ved sida av han har han ein energidrikk som han drikk av. Han fortel at han er ferdig med bachelorgraden sin i planlegging og administrasjon, men valgte å bli igjen i Volda for å også studere PR, kommunikasjon og media. I tillegg til det er han også ledar for studenthuset i Volda.

– Å vere ledar på studenthuset er heilt frivillig. Eg blei valgt av medlemmane i studentsamfunnet som har omtrent 700 studentar og andre lokale. Alt er gratis arbeid, og mesteparten av jobben går ut på drive studenthuset Rokken på kveldstid.

12419233_10154123165869789_3319881421361602040_o
Ravi holder konsert på studenthuset Rokken. (Foto: Stine Løseth)

– Eg brukar meir tid på Rokken enn eg gjer heime vil eg seie. Likevel får eg mykje ut av det både sosialt og erfaringsmessig. Eg brukar nok 2-3 timar kvar dag, i tillegg jobbar eg litt på kveldstid eit par gongar i veka alt etter kva slags arrangement som skjer og kven som er tilgjengelige til jobb, seier Tormod.

– Korleis er ditt forhold til Rokken?

– Første året mitt i Volda så var eg ikkje frivillig. Eg såg kor gøy alle andre hadde det, så då skjønte eg fort at dette måtte eg også vere med på. Andre året mitt i Volda blei eg då medlem av tekniskgruppen på Rokken og det syntes eg var veldig gøy. Det endte opp med at eg tok på meg mange ekstravakter. Etter eit og eit halvt år stilte eg til valg som teknisk ansvarleg for tekniskgruppen. Ikkje lenge etter trakk den forrige ledaren seg på studentsamfunnet og eg stilte til valg der og det valget vann eg. Veldig spennande, mykje jobbing og eg har blitt kjent med utrolige mange hyggelige folk.

13235306_10207399552561466_5205704312939754743_o
Det noverande styret på Studenthuset Rokken. (Foto: Siv Hovland)

– Kva føler du at du personleg får ut av å legge så mange timar ned i frivillig arbeid?

– Eg har fått lære meg å vere ledar for godt over 200 personar som er ei god erfaring. Eg har fått lære meg korleis eit studenthus og ein utestad skal bli dreve på ein profesjonell måte. I tillegg har eg opparbeidt meg ein god teknisk kompetanse frå dette som eg har fått god nytte av, som for eksempel i fjor sommar jobba eg profesjonelt med lys.

– Er det trivsel som er hovedmotivasjonen?

– Først og fremst er det trivsel som er hovedmotivasjonen. Det som skjer her og no er det viktigaste. Eg har fått meg utruleg mange vener som jobbar her.

– Har du vurdert å gå ut i betalt arbeid enn å bruke så mange timar på frivillig arbeid?

– Nei, ikkje enn så lenge. Eg har hatt andre betalte verv på sida dei siste åra som har gått opp i det økonomiske, så det har ikkje våre noko problem for meg.

– Rokken Studenthus blir dreve av rein frivillig kraft. Hadde det kunne fungert utan det?

– Huset her har ei omsetning på 9 millionar i året. Om vi skulle lønna 20 personar så hadde vi gått kraftig i underskudd. Så det er viktig at vi har 10 gangar så mange som 20 personar her som jobbar gratis. Dei får ei viss erfaring og vi får muligheita til å holde oppe ein utestad i Volda. Vi er den nest største konsertarrangøren mellom Bergen og Trondheim og utan dei frivillige så hadde dette aldri våre muleg.

– Noreg har ei ganske stor dugnadsånd. Har du lagt nokon tankar på dette?

– Utan den frivillige ånda hadde vi ikkje hatt dette studenthuset. Vi ville ikkje hatt den Norske Dokumentarfilmfestivalen som er den største dokumentarfilm festivalen i Noreg. Vi har nordeuropas største vinter ekstremsporstsfestival, X2. Vi har også studentveka, så det er store ting som aldri hadde blitt noko av utan dei frivillige.

12998192_994814110565721_7910110884594634108_o
Bilde av dei frivillige under X2 festivalen 2016.

Tormod fortel at under fadderveka kvart år er dei veldig flinke på å rekruttere folk til å vere frivillige på Studenthuset Rokken. Dei hadde 350 søkarar til 220 stillingar i fjor haust, så det er veldig populært å vere frivillig blant studentane.

– Kjem du til å fortsette med frivillig arbeid når du er ferdig som student i Volda?

– Det kan hende, men i mykje mindre grad. Når eg kjem i fast arbeid har eg ikkje då den samme tida og kapasiteten til å jobbe så mykje frivillig, men å hjelpe til i eit lokalt idrettslag eller lignande er mulig.

Tormod seier at han synast det er fantastisk gøy å holde på med frivillig arbeid. Det første året hans i Volda kjeda han seg veldig, så det sa han til seg sjølv at det skulle ikkje skje igjen. Han likar å gjere noko til ei kvar tid og då er Rokken ein perfekt stad for han.


Dugnadslandet Noreg

I Noreg har vi i lang tid hatt ein stolt dugnadstradisjon. Gjennom mange år har den frivillige ånda stått høgt, og det blir sagt at landet faktisk er bygd på dugnad. Så sterkt står ordet dugnad i landet vårt at det vart kåra til vårt nasjonalord i 2004. Men er vi så gode på dugnad og frivillig arbeid som vi eigentlig gir oss ut for? Og kor mykja av arbeidet i Noreg er gjort på frivillig arbeid?

Vell, skal vi tru tall frå statistisk sentralbyrå, er i alle fall svaret på første spørsmålet eit ganske rungande ja. I ei undersøking publisert i oktober 2015 kan dei avsløre at frivillig innsats i Noreg var verdt nesten 77 milliardar kroner i 2013.

orgsat-2015-10-22-infografikk

Som ein kan sjå frå grafikken utgjer altså ulønna frivillig arbeid 138 800 årsverk, noko som er ekstremt høgt i eit land med rundt 5 millionar innbyggjarar.

Idrett dominerar

Det klart største området for frivillig arbeid ligg i idretten, som dekker omtrent halvparten av dei aktuelle årsverka. Dette er i stor grad arbeid innanfor breddeidretten, og utan alle dei frivillige eldsjelene er nok dette eit av dei punkta som verkeleg hadde lidd.

I eit innlegg på distriklegen.com skriv ei engasjert sjel ”Breddeidretten er stort sett drevet av frivillige personers dugnadsinnsats. I mitt idrettslag (Kolnes IL) har vi ansatt daglig leder i 50 %, utover det har hverken trenere, lagledere eller frivillige i styre og stell noen form for betaling”.

Høg internasjonal standard

Også internasjonalt gjer Noreg det sterkt i forhold til ulønna frivillig arbeid. I ei forsking frå 2013 kan ein sjå at Noreg er det leiande landet i dette.

Der er ein del land som framleis ligg framfor Noreg i statistikkar som involverar organisasjonar utan profitt, men at ein stor del av arbeidet som blir gjort i Noreg blir utført av eldsjeler i frivillig arbeid, er det nok lite tvil om!  

Copyright©2016 · All Rights Reserved · Eldsjeler


Produsert av Bjørn-Magnnus Andersen, Bjarte Bjørkedal og Martin Lauvsnes Oddekalv